Den svenske investoren Christian Pettersson er klar til å gå inn med fleire millionar kroner til skiheiser så snart det kjem klarsignal. Første byggetrinn vil koste 40 millionar og innebere bygging av tre skiheiser.
Kommunstyret har gitt full tilslutning til planane om eit alpinanlegg, og politikarane i hovedutval for teknisk, næring og miljø blei orienterte om planane onsdag.
Samarbeid miljøvern
Leiar i hovudutvalet og varaordførar, Eivind Torvik (AP), seier dei vil samarbeide med miljøvernavdelinga i fylket om planane. Over påske vil dei prøve å få til eit møte mellom rådmann, investor Christian Pettersson og miljøvernavdelinga.
Christian Pettersson i Eikesdalsfjella. Foto: Gunnar Sandvik
Prøveløyper
Dei første prøveløypene er klare til bruk, og straks vegen opp Finnsetlia er brøyta vil ein kunne frakte skiløyparar inn i området.