Hopp til innhold

– Dette var ekte vare

Dokumentarfilmen «Ishavsblod», som skildrar livet om bord på selfangstskuta Havsel i Nordishavet, blei svært godt motteke av tidlegare selfangarar då den blei vist i Herøy søndag kveld.

Premiere på filmen Ishavsblod

Ingvald Nupen frå Herøy er ei av stjernene i filmen «Ishavsblod» av Trude Berge Ottersen og Gry Elisabeth Mortensen. Søndag var det filmframsyning i Fosnavåg.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det var nesten så ein måtte sette sjøbein på veg ut av kinosalen i Fosnavåg søndag kveld. Dokumentarfilmen «Ishavsblod» fekk mange av dei tidlegare selfangarane som var møtt opp til å lengte opp til Nordishavet

– Dei viste det slik som det er. Dette var ekte vare, seier Ingvald Nupen frå Herøy, som er ein av dei som var om bord i selfangstskuta «Havsel» saman med dokumentarfilmskaparane i Nordishavet i 2015.

– Kribla i kroppen av å sjå filmen

Ingvald Nupen

Ingvald Nupen kjente at det kribla i kroppen etter å kom seg ut på selfangst igjen då han såg dokumentarfilmen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

«Ishavsblod» gir eit innblikk i korleis moderne selfangst foregår, samtidig som filmen inneheld fine personkarakteristikkar av mannskapet, deriblant Ingvald Nupen og førstestyrmann Espen Brandal frå Hareid.

Nupen kjente at det kribla i kroppen etter å ha sett filmen.

– Der er to sortar som er på ishavet. Den eine er med berre éin tur og forbannar alt ihop og den andre har maur i kroppen heile livet etterpå.

Han var først med to-tre turar då han var yngre, men måtte halde seg i land då han tok til med gardsdrift.

– Då eg slutta å drive gard, reiste eg ut på sjøen igjen. Eg har alltid vore interessert i jakt og fangst. Heilt sidan eg var gutunge.

Ishavsblod

Kinosalen i Fosnavåg var full då «Ishavsblod» vart vist søndag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Trur vi har truffe ein nerve

Regissørane bak dokumentarfilmen er Trude Berge Ottersen og Gry Elisabeth Mortensen, og dei var spente på å vise fram «Ishavsblod» i Herøy søndag. Men tilbakemeldingane har vore overveldande, og det har dei vore elles i landet også, fortel Berge Ottersen.

– Det har vore heilt overveldande. Vi hadde ikkje forventa å få ein slik respons på ein film om selfangst, i og med det har vore stille rundt næringa i mange år. Eg trur vi har truffe ein nerve i dagens moderne samfunn der vi stadig stenger dører til gamal kultur og tradisjon.

Les NRK P3, Filmpolitiet sin anmeldelse av filmen

Satsar på selmottak

Arnfinn Karlsen

Arnfinn Karlsen har tru på at selnæringa vil overleve. Han har satsa på selmottak i Tjørvåg i Herøy.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Selfangstnæringa har ein gong vore stor, men er no nærast død. Skuta «Havsel», som dei to regissørane var om bord i i to månader i Nordishavet, er den einaste norske skuta som skal ut for å fangste sel i år.

Når turen er over, skal fangsten leverast til Arnfinn Karlsen i Tjørvåg, som har det einaste fullskala selmottaket i landet. Han var sjølv med på sjølve selfangsten i nesten 20 år og har seinare bygd opp selmottak på Grønland og seinare altså i Herøy.

– Dette var ein veldig god film, den fekk det til å bruse i ishavsblodet, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL