Hopp til innhold

Sel gamle sjukehuseigedomar

Helse Midt-Noreg godkjende i dag planane om å selje dei gamle sjukehuseigedomane på Lundavang, Sagbakken og Stuevollen i Molde. Eigedomane er verdisette til ein stad mellom 217 og 255 millionar kroner. Helse Møre og Romsdal arbeider med utgangspunkt i å selje i øvre del av dette prisnivået. Helse Møre og Romsdal arbeider med sikte på å selje eigedomane til Molde kommune som deretter tek stilling til bruken og eventuelt vidaresal. – Dersom forhandlingane med Molde kommune ikkje fører fram må vi ta saka tilbake for å legge ein ny salsstrategi, sa eigardirektør Nils Kvernmo. Salet inngår i finansieringa av det nye sjukehuset på Hjelset og skal endeleg godkjennast av helseministeren i føretaksmøte.

Gamle Molde sjukehus - Lundavang
Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL