Seier ja til å spare 60 millionar

Eit fleirtal i formannskapet i Kristiansund går inn for Spareprosjektet 2020-2022, melder Tidens Krav. Kommunen driv for 100 millionar meir enn det dei har råd til. Prosjektet legg opp til å redusere med 100 årsverk, og inneber ei innstramming på over 60 millionar. Saka skal opp i bystyret neste veke.