Hopp til innhold

Sauene Tor og Odin får ny sofa til jul

Tor og Odin er ikkje som andre sauer. No får dei ny sofa til jul. Den skal dei dele med to kaninar.

Tor og Odin med ny sofa

Tor og Odin nøler ikkje med å ta i bruk den nye sofaen. Den tidlegare eigaren skal vere ein norsk artistkjendis, men det bryr dei seg ikkje med.

Foto: Roar Strøm

Måndag fekk dei to sauene på Holmarka besøksgard i Molde nye møblar, slik svært mange andre før jul. Skinnet på den rustraude tresetaren var holete og stygt, og dermed blei det ny sofa for Tor og Odin.

– Han ligg i sofaen kvar einaste natt, han ligg strak ut, seier matfar Stig Vesteraas på spørsmålet om det verkeleg er nødvendig med eit slikt møbel til ein sau.

Les også:

Lagar julestemning i fjøsen

Liv Sølverød og Stig Vesteraas

Liv Sølverød og Stig Vesteraas pyntar også fjøset til jul.

Foto: Roar Strøm

Holmarka besøksgard er det siste sentrumsnære småbruket i Molde, og har hestar, kattar, høns, sauer og kaninar. Garden blir driven på frivillig basis av Romsdalsmuseets Venner.

No berre få dagar før jul, er det høgtidspynting også i fjøsen, og det kjem opp raude og kvite gardiner som pynt for dei firbeinte.

Det er nesten artigare å lage julestemning her enn heime, for her er så mange gjester, seier dugnadsleiar Liv Sølverød.

Sofa frå kjendisartist

Midt i all pynten blei altså den rustraude skinnsofaen bytta ut til fordel for ein nyare, blå variant. Fargen er nøye plukka ut, sidan både dyr og eigarar er MFK-supporterar. Men aller mest fornøgd er Vesteraas med at artisten Rune Rudberg skal ha eigd han før han blei selt vidare. Den folkekjære artisten har seks barn med seks ulike kvinner.

Det blir noko å leve opp til, ler Vesteraas.