Hopp til innhold

Satsar på kultur

Lin Marie Norberg Jacobsen er tilsett i ei nyoppretta stilling som rådgivar for profesjonell kultur i Ålesund kommune. Det opplyser kommunen i ei pressemelding. Ho skal mellom anna jobbe for å gjere Ålesund til ein sterk kulturby. – Vi ønsker å legge til rette for at Ålesund kommune har eit rikt og mangfaldig kulturliv, også innan det profesjonelle området, seier kultursjef Oskar Skulstad.

Lin Marie Norberg Jacobsen
Foto: Ann Sylvia Deocariza, LD Studio / LD Arthouse

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL