Frosen fisk kan vere så mangt. Noko av fisken er frosen om bord i båten like etter fangsting, medan annan fisk er frosen fleire gongar og har reist halve jorda rundt før den hamnar i frysedisken.
Forskarar vil finne ut kva for fisk som har den beste kvaliteten.
Foto: Jannicke Farstad / NRKOg det er slett ikkje alle stader at den ferske fisken er så fersk.
På klippfiskakademiet i Ålesund står ein gjeng med fiskekjennarar rundt eit bord og studerer kva slags fiskefiletar som har den beste fargen og konsistensen.
Kokk på Klippfiskakademiet Mindor Klauset liker aller best heilt fersk fisk
Foto: Jannicke Farstad / NRK– Heilt fersk fisk vil alltid vere det beste, seier kokk Mindor Klauset ved Klippfiskakademiet. Men har det gått mange dagar sidan den vart fangsta, så er hans erfaring at fisk som er frosen om bord i båten har betre kvalitet.
Ikkje menneskemat
Brødrene Sperre, Carisma, Holmeset og Ramoen som er seljarar og leverandørar av ombordfrosen fisk er med på blindtesten. Nokre av produkta er så dårlege at dei ikkje vil kalle det menneskemat, medan andre kniver om ha finaste farge og struktur. Dette er første møte mellom dei som ønskjer å få eit kvalitetsstempel på ombordfrosen fisk og Møreforsking som skal utarbeide standarden.
Forskar Wenche Emblem frå Møreforsking skal lede arbeidet med å få til ein bransjestandard. Ho seier dei framover blant anna vil køyre kjemiske dokumetasjoner som skal seie noko om kvaliteten på ombordfrosen fisk kontra fersk fisk.
Forskar i Møreforskning Wenche Emblem leiar arbeidet
Foto: Jannicke Farstad / NRK–Vi skal halde på med dette ei god stund framover, så enda kan vi ikkje trekkje nokon konklusjonar, seier ho.
Dei siste åra har blitt levert langt færre ombordfrosne filetprodukt frå norsk fiskerinæring. Auka konkurranse frå utanlandske aktørar og høge driftskostnader er årsaka. I tillegg er landbasert fryseindustri omtrent heilt vekke frå norskekysten.
Vil selje meir frosenfisk
Catrine Florvåg salssjef i Ramoen seier at dei har vore for dårlege til å marknadsføre seg i Noreg, og dei no håper å etter kvart få gjere noko med det.
Salgssjef i Ramoen AS Catrine Florvåg vil marknadsføre seg bedre
Foto: Jannicke Farstad / NRK– I England har vi i over 20 år markedsført den sjøfrosne fisken som ferskare enn fersk, men vi har vore altfor dårlege til å marknadsføre den i Noreg. No har vi fått meir fokus på marknaden heime, og vil gjere ein betre jobb med å marknadsføre den også her heime, seier ho.
På denne blindtesten så kom den ombordfryste fileten godt ut av det, men dette er berre eit første møte i det som skal vere eit lengre samarbeid
– Vår jobb blir no å lage ein felles standard, foreløpig kan vi ikkje trekke nokon konklusjonar, seier ho.
Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune.