Hopp til innhold

Sasha (25) lager ringar av gamle sølvskeier

Interessa for sølvtøy minkar. Ved å lage dei om til nye produkt ønskjer Sasha Stabell å gjere gamle sølvskeier aktuelle igjen.

Sasha Stabell lager ringer av sølvskeier.

RINGAR: Sasha Stabell bruker opp igjen gamle sølvskeier ved å lage ringer av dei. Han meiner det er betre at dei blir brukt i kvardagen enn at dei ligg og støvar ned i ei skuff.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

25-åringen er konsentrert idet han dobbelsjekkar storleiken på ringen han har bøygd til.

– På innsida står det B og B den 20.12.54, så det var sikkert ei julegåve. Eg er litt meir skjelven når eg bøyer graverte skeier. Ein jobbar jo med ein del av historia, seier Sasha med eit smil.

Han sit i verkstaden sin i eit kjellarlokale i Ålesund. På arbeidsbenken står det eit skap med mange små skuffer. På kvar skuff står namnet på ulike sølvskeier som Sasha bruker.

Sasha Stabell lager ringer av sølvskeier

Sasha fortel at det varierer kor vanskeleg det er å få tak i ulike sølvskeier. – Enkelte mønster er mykje sjeldnare enn andre, seier han. Her ser ein skeia «Juvel» som har blitt gjort om til ein ring.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Starta under korona

Han jobbar til vanleg som sjukepleiar, men under korona fekk han, som mange andre, behov for ein hobby.

– Nokre byrja å strikke, male eller hekle. Eg byrja med dette.

Sasha hadde vore på jakt etter ein ring, men fann ikkje heilt ein han ville ha. Så kom han over ein video på TikTok av ein fyr frå USA som bøygde om skeier til ringar.

I starten lagde han ringar til seg sjølv. Etter kvart byrja han å lage til vennar og sidan har det utvikla seg derifrå. No har han kundar over i heile landet og nokre av ringane har også blitt sendt utanfor landegrensene.

Sasha tek sølvskeier og bøyer dei om til ringar.

Sasha tek sølvskeier og bøyer dei om til ringar. No sel han dei via nettbutikken sin og i butikkar i Ålesund, Bergen og Oslo.

Sasha meiner at ringane appellerer både til unge og gamle.

– Eg var redd nokon ville seie at eg øydelegg norsk kulturhistorie, men folk er positive. Dei yngre synest ringane er kule, medan dei eldre kjenner igjen mønsteret frå skeier dei har heime. Eg føler at det bind generasjonar saman.

Familiegåve av bestemors sølvskeier

Sasha lagar ringer av skeier som han kjøper på nett eller i bruktbutikkar.

– Eg har brukt over to år på å plukke ut dei finaste mønstera. Eg har lært meg å sjå kva som passar og blir fint.

I tillegg lager han ringar av folk sine eigne skeier. Ein kjenning av Sasha tok med seg ringen ho hadde kjøpt heim på familiemiddag og viste den fram.

– Då henta bestemora fram sølvskei-samlinga ho hadde hatt liggande. Det enda opp med 19 ringar tilpassa til kvart familiemedlem. Det er stas at dei blir brukt i staden for å bli liggande i ei skuff.

Sasha Stabell lager ringer av sølvskeier.

Ved kvar ring følger det med eit sitat som ein kollega av Sasha har laga. – Sølv er så mykje meir enn sisteplass.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tek vare på minna

Sasha trur synet på sølvtøy har endra seg dei siste åra.

– Det betyr mykje for generasjonane over meg, men eg trur ikkje folk på min alder er like opptatt av det. Det var som dåtidas aksjar og det låg store verdiar i det.

Det er gullsmedmeister Pål Kasnes einig i. Han seier at interessa for å kjøpe sølvtøy har blitt mindre frå han starta i bransjen på slutten av 1990-talet.

Gullsmedmeister Pål Kasnes

Gullsmedmeister Pål Kasnes seier at interessa for sølvtøy har blitt mindre dei siste åra. Han meiner at ved å lage ringer av skeier så kan ein få brukt dei meir.

Foto: Jonny Olsson

Då var det bestemødrer som kom fast innom for å kjøpe skeier som dei spara til barnebarna. Før hadde butikkane store lager, men no er alle slike ting er bestillingsvare.

Han meiner difor at å lage ringer av skeiene, kan vere ein god måte å ta vare på sølvtøyet som ein har fått.

Kanskje står dåpsdatoen eller bestefar sitt namn på baksida. Å gjere det om til ein ring er også ein måte å ta vare på minna.

Les også Skulle pusse opp – blei overraska over kva dei fann

Fann over 80 år gamal skatt unde roppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.

Gjenbruk står sentralt

For Sasha er det viktig å bruke nettopp gamle sølvskeier til å lage nye produkt.

– Eg er opptatt av å kjøpe brukt, å bruke opp igjen det som allereie finst og ikkje kaste ting unødvendig.

Han prøver å bruke så mykje av skeia og lager produkt av det som blir til overs, som øyredobber og øyreringar. Resten sender han inn til omsmelting slik at materialet kan bli brukt igjen.

Sasha Stabell lager ringer av sølvskeier. Ringane blir sendt ut i pappesker der det også ligg eit bilde av korleis ringen ser ut.

Ringane blir sendt ut i ei pappeske som også kan bli brukt igjen. Med i eska følger eit bilde av korleis skeia såg ut. – Då kan ein kaste eska, men ta vare på bildet, seier Sasha.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil satse vidare

25-åringen har planar om å utvikle bedrifta vidare og å etter kvart kunne selje varene sine i fleire butikkar.

Likevel ser han ikkje for seg at hobbyen blir ein fulltidsjobb.

– Om eg skulle ha levd av det måtte eg ha seld ringane til ein mykje stivare pris. At eg ikkje må det gjer at eg kan kose meg med det, seier han med eit smil.

Sasha Stabell lager ringer av sølvskeier.

Sasha seier han vil halde fram med å utvikle nye produkt, men trur ikkje at hobbyen blir ein fulltidsjobb.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Les også Dobling i salget av smykker for menn: – Jeg hater å gå ut døra uten

Siem Woldu Araya