Hopp til innhold

Mortensen-dobbel sikra Sarpsborg-siger

Sarpsborg slo nådelaust tilbake då Aalesund utlikna og vann til slutt 1-3 på Sunnmøre.

Aalesund mot Sarpsborg

Her scorar Patrick Mortensen sitt andre mål for kvelden mot Aalesund.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

I sentrum var Andersen Trondsen og Patrick Mortensen. Trondsen fekk assist på alle Sarpsborg sine tre scoringar medan Mortensen var sist på to av måla.

– Eg har fått beskjed om å chippe litt på bakre stolpe og i dag var han der. Det var deilig, seier Trondsen til NRK etter kampen.

Den første Trondsen-Mortensen-komboen kom etter berre ni minutt. Etter ei roleg opning på kampen slo Trondsen glimrande inn i feltet der Mortensen fekk stange inn 0-1-leiinga bak AaFK-keeper Andreas Lie.

Etter scoringa pressa heimelaget på for utlikning og i det 19. minutt kom 1-1.

Edwin Gyasi blei pressa hardt inne i 16-meteren til Sarpsborg, men fekk slått ut mot Fredrik Carlsen. Frå returrommet fekk den hardtarbeidande midtbanespelaren til Aalesund breidsida inn utlikninga.

– Den scoringa tenkjer eg lite på. Eg er ein lagspelar og når laget ikkje fungerer er eg ein del av det, seier Carlsen til NRK etter 1-3-tapet.

Sarpsborg-feiring

Patrick Mortensen (nummer to frå venstre) feirer saman med lagkameratane etter 0-1-scoringa.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Brutalt frå bortelaget

For gleda blei kortvarig i Ålesund. to minutt etter utlikninga var Sarpsborg-duoen på pletten igjen.

Ei glimrande pasning frå Trondsen fann Mortensen inne i feltet, der Sarpsborg-spissen fekk slengt fram foten og styrt inn 1-2.

– Éin assist og to mål på to kampar er herleg, kommenterte danske Mortensen, med fem mål i heile 2016-sesongen, etter kampen-

Utover i første omgang var det bortelaget som stod for sjansane, og både Jonas Lindberg og Tobias Heintz kunne sikra 1-3.

Først på overtid i første omgang kom scoringa.

Det blei først notert som sjølvmål av Bjørn Helge Riise, men i ettertid blei det klart at Joackim Jørgensen fekk scoringa i sitt namn. Scoringa kom etter eit hjørnespark frå Trondsen og Jørgensen stussa ballen i mål via to AaFK-spelarar.

Mållaus andre omgang

Aalesund måtte ut i andre omgang og score, men det blei med tankane.

Trass fleire frispark og halvsjansar stod resultatet frå første omgang seg - noko som kan seiast å vere fortent.

Dermed står AaFK med to 1-3-tap og Sarpsborg med to 3-1-sigrar etter to serierunder.