– Dette blir ekstremt krevjande. Du får testa deg skikkeleg. Kvar kamp framover blir avgjerande.
Hovudtrenar Kjetil Rekdal og assistenttrenar Geir Frigård blei møtt med applaus då dei møtte til pressekonferanse. Dei har nettopp overtatt eit lag som slit med å vinne kampar og kapre poeng.
Det er mange som har forventningar til Kjetil Rekdal. Men sjølv heller han kaldt vatn i blodet.
– Eg trur vi har 30 prosent sjanse til å klare det akkurat no. Klarer vi å vinne dei første kampane så stig sjansane.
Fare for nedrykk
18. juni i år fekk Christian Johnsen sparken som hovudtrenar i AaFK etter berre eitt år i jobben. Johnsen klarte ikkje å berge laget frå nedrykk i fjor. I OBOS-ligaen i 2024 har det gått frå vondt til verre.
AaFK ligg nest sist på tabellen og risikerer å rykke vidare ned i 2. divisjon. Dei to siste sesongane har vore ein gedigen nedtur. No er håpet at Kjetil Rekdal vil få laget på rett kjøl.
Han har klart det før. Den førre perioden med Rekdal som trenar i AaFK blei ein suksess med siger i cupfinalen i 2009 mot Molde og i 2011 mot Brann. I 2010 leia han klubben til ein historisk fjerdeplass i eliteserien.
Då var fotballfeberen på topp. Det var fulle tribunar på Color Line stadion. Folk i Ålesund var stolte av laget sitt. Men etter sesongen 2012 var det slutt for Kjetil Rekdal. Han blei sagt opp etter å hamna i konflikt med klubben.
Seinare har han trent Vålerenga, Start, HamKam og Rosenborg. Det har vore med noko vekslande hell. Men særleg i HamKam oppnådde han sterke resultat.
Tydeleg bodskap
No vender han tilbake til Aalesunds Fotballklubb. Og det skjer med ein tydeleg bodskap.
– Vi må treffe frå første dag. Laget må fungere allereie i den neste kampen mot Eigersund. Og vi må ha minst 33 poeng for å klare oss i OBOS-ligaen.
Kjetil Rekdal og Geir Frigård har blitt eit radarpar som har samarbeidd tett i fleire år. Samarbeidet starta i HamKam. Frigård hadde nettopp fått jobb som sportssjef i Lørenskog IF. No blir han assistenttrenar i Aalesunds Fotballklubb.
– Eg trur kvaliteten på treninga blir svært viktig. Eg er opptatt av treningsprosessen og kvardagen og bruker mykje tid på det. Og eg trur dei neste vekene no blir ekstremt viktig.
Mange har stilt spørsmål om kor mange nye spelarar Rekdal og Frigård treng for å få snudd skuta. Det har ikkje Kjetil Rekdal noko klart svar på no.
– Vi prøver å skaffe oss ein oversikt over spelestallen. Det er viktig å vite kva som kan gjerast. Men så blir det jo ein knalltøff konkurranse, ikkje sant. Du står ikkje akkurat øvst på lista når du ligg nest sist på ein tabell.
Har jobba intenst
Styreleiaren i Aalesunds Fotballklubb, Gunnar Haagensen, legg ikkje skjul på at han er godt fornøgd med å kapre Kjetil Rekdal og Geir Frigård.
– Klubben og styret har jobba intenst med å få på plass to trenarar med energi og sult og som veit korleis dei skal angrip den situasjonen vi står i no. Og der synest vi absolutt at vi har lukkast.