Hopp til innhold

Rapport om eigarskapen i Noreg vekkjer uro

Aldri tidlegare har ein større del av den norske verdiskapinga vore på utanlandske hender.

Midt-Norsk Havbruk

HISTORISK LÅGT: Menon har kartlagt eigarskapen i Noreg over perioden 2014–2021. Rapporten viser at den norske og privateigde delen av verdiskapinga er på sitt lågaste nivå sidan målingane starta.

Foto: Midt-Norsk Havbruk

Meir enn ein tredel (36 prosent) av den samla verdiskapinga i Noreg (BNP) er eigd av utanlandske aktørar.

Medan den delen som er i norsk eige er på veg ned. Det viser den siste rapporten frå Menon Economics.

Rapporten konkluderer: Det betyr at det utanlandske eigarskapet for første gong er større enn det som er i privat norsk eige (35 prosent), målt etter del av verdiskapinga.

Spørsmål om nasjonal forankring og eigarskap har politisk sprengkraft, og rapporten vekkjer uro på Stortinget:

  • Alfred Bjørlo, Venstre: Desse tala stadfestar at norske eigarar vert jaga vekk frå norsk næringsliv. Det kan ha svært alvorlege følgjer på lang sikt. Ikkje minst på Vestlandet, der lokalt eigarskap i eit mangfald av bedrifter har vore sjølve fundamentet for samfunnsutviklinga.
  • Erling Sande, Sp: Tala viser oss kor viktig det er at vi frå politisk side lyttar til og har ein god dialog med bedrifter og næringsaktørar. Norsk eigarskap og norske verksemder skal vere grunnbjelken.
  • Helge André Njåstad, Frp: Det er urovekkande at vi ikkje legg meir til rette for lokal privat kapital. Til dømes med å fjerne formuesskatten. Neste periode må Stortinget sørgje for ein politikk som sørgjer for at kapitaleigarane som har flytta ut av landet kjem heim igjen.
  • Bjarte Helland, Industri- og næringspartiet (INP): Det er formuesskatten som er hovudårsaka til dette.
  • Olve Grotle, Høgre: Denne rapporten gir mange gode argument til dei som har starta «Vestlandsopprøret» og «Kystbrølet». I tillegg til at lakseskatten vil frårøve Noreg sin posisjon som verdsleiande havbruksnasjon, vil han flytte kapital, aktivitet og arbeidsplassar bort frå kyst og distrikt.

Vestlandsopprøret skaper bølgjar langs kysten

Det såkalla Vestlandsopprøret har det siste månadene skapt bølgjer sørover langs kysten.

Målet med opprøret er mellom anna å «løfte fram verdiskapinga langs kysten» og å «opplyse om den særnorske formuesskatten».

Skatten på arbeidande kapital har fått skulda for at fleire titals arvingar frå dei rikaste familiane i landet har meldt flytting til Sveits.

Les også Kamp om kva Vestlandsopprøret skal vere

Kleven verft

Industrileiar og initiativtakar til «skatteopprøret», Roger Hofseth, presiserer at Sveits ikkje er eit alternativ for han, men at Menon-rapporten viser kvifor det er «tvingande nødvendig» å bli kvitt formuesskatten på arbeidande kapital.

Det er ein urettferdig skatt som jagar eigarskapen av norske bedrifter ut av Noreg. I dag er det billigare for utlendingar enn for oss som bur her å drive næring i Noreg. Konsekvensane er at norskeigde bedrifter blir selde til utlandet.

Elkem Bremanger sitt smelteverk i Svelgen

Orkla selde Elkem til China National Bluestar Group Co. Ltd for 2 milliardar dollar i 2011.

Foto: Heiko Junge / NTB

Systemet eroderer norsk privat eigarskap

Tom-Christer Nilsen er næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd.

Han er «ikkje overraska» over tala i rapporten og viser til at dagens regime «favoriserer utanlandske investorar».

Systemet eroderer norsk privat eigarskap. Vi etterlyser ein politikk for auka norsk eigarskap, ikkje som i dag: auka utanlandsk og offentleg eigarskap.

I boka Kven eig Noreg? viser Erik W. Jakobsen og Leo A. Grünfeld at utanlandske oppkjøparar har nase for «dei beste bedriftene i kurva» og at land med mykje utanlandske investeringar kan vise til høgare produktivitetsvekst.

På den andre sida viser forskingslitteratur at utanlandsk eigarskap kan forstyrre det tillitsbaserte samarbeidet mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarar som historisk har vore blant kjenneteikna til «den norske modellen».

Roger Hofseth, Manager at Hofseth International AS

Industrileiar og initiativtakar til opprøret, Roger Hofseth, seier til NRK at den nye Menon-rapporten viser kvifor det er «tvingande nødvendig å bli kvitt formuesskatt på arbeidande kapital».

Foto: Remi Sagen / NRK

Heile samfunnet må «vakne opp»

Parallelt med at den utanlandske eigarskapen går opp, viser rapporten at norske private eigarar har fleirtal i nesten 85 prosent av norske føretak.

Rapporten viser vidare at sjømatnæringa, som er den nest største eksportnæringa i Noreg, har ein høg del lokalt eigarskap.

Les også Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

Statsminister Jonas Gahr Støre i Stavanger

Regjeringspartia vart samde med Venstre og Pasientfokus om ein ny grunnrenteskatt på havbruk i mai. Skattesatsen vart justert ned frå det opphavlege forslaget på 35 prosent til 25 prosent.

Alfred Bjørlo (V) i Næringskomiteen på Stortinget ønskjer seg eit tilsvarande kutt i formuesskatten på arbeidande kapital, som han karakteriserer som ein «straffeskatt».

Heile samfunnet må «vakne opp» når det gjeld betydinga av eit sterkt norsk næringsliv, seier han.

Det må vere rom for å utvikle seg, investere og ha lokalt og norsk eigarskap som ikkje har dårlegare rammevilkår enn utanlandske og statlege eigarar.

Ulstein verft

Ein ny rapport frå Menon Economics viser at 36 prosent av den samla verdiskapinga i Noreg (BNP) er i utanlandsk eige. Og at 35 prosent er i privat norsk eige.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK