Hopp til innhold

Sa han hadde drepe broren sin

Ein mann i 30-åra busett på Sunnmøre er tiltalt for fleire lovbrot. Mannen skal mellom anna ha ringt politiet sin operasjonssentral og opplyst at han hadde slåst med broren sin og drepe han. Ifølge tiltalen førte dette til at politiet væpna seg og rykte ut. Då dei kom fram til staden viste det seg å ikkje stemme.

På eit seinare tidspunkt ringde han igjen til politiet sin operasjonssentral. Då skal han ha sagt at bilen hans hadde blitt stolen og hamna i vatnet. Mannen skal også ha sagt at han hadde vore i vatnet og leita etter personar. Dette førte til at politi, brann- og dykkarbil, redningsskøyta og redningshelikopter rykte ut. Det viste seg seinare at meldinga var uriktig og at mannen sjølv hadde køyrd bilen ut i vatnet.

I tillegg til dette er mannen tiltalt for fyllekøyring og for å ha køyrd bil med eit falskt førarkort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL