Rykte ut etter vinglete køyring

Politiet i Kristiansund stoppa ein bilist langs riksveg 70 på Frei etter meldingar om vinglete køyring. Ein eldre mann skal ifølgje vitne ha hamna over i motgåande køyrefelt i nærleiken av Freifjordtunnelen, men blåste til null i promille. Patruljen undersøker vidare kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad i politiet.