Rundeskatten kom heim att til Sunnmøre

Rundeskatten er komen heim til Sunnmøre. I nesten 40 år har skatten vore oppbevart på Sjøfartsmuseet i Bergen.

Video RUNDESKATTEN HEIM TIL SUNNMØRE

Rundeskatten kom i natt heim til Sunnmøre. No blir det utstilling på Runde Miljøsenter.

Rundeskatten vart oppdaga av tre sportsdykkarar i 1972. Myntane og gjenstandane kjem frå ei av tidenes største skipskatastrofar her i landet.
To hundre menn miste livet då det nederlandske fraktestipet Akerendam forliste på jomfruturen i 1725.

May Britt Haukås

May Britt Haukås ved Runde Miljøsenter gler seg over at skatten er komen heim.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Rundeskatten

Rundeskatten består ikkje berre av myntar, men også av gjenstandar frå skipet Akrendam.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Bilete av rundeskatten

Slik såg det ut i 1972 då Rundeskatten blei funnen.

Foto: NTB-arkiv / Scanpix
Finnarar av Rundeskatten

Rundeskatten vart funnen av dykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale.

Foto: NTB-arkiv / SCANPIX
Nils-Roar Hareide

Nils-Roar Hareide peikar ut staden der Runde-skatten blei funnen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
– Det har vore sårt for folk at skatten forsvann til Bergen, seier May Britt Haukås ved Runde Miljøsenter.

– Hadde det ikkje godt i Bergen

Myntane og gjenstandane skal vekk frå Bergen Sjøfartsmuseum, der dei har vore plasserte i nesten førti år. Bergensarane er glade for at sunnmøringane tar over.
Museet i Bergen har ikkje fått så mykje ut av skatten.

– Skatten har ikkje berre hatt det godt i Bergen. Vi har konservert noko av han, men det er framleis mykje att, seier Arild Marøy Hansen, amanuensis ved Bergen Sjøfartmuséum.

Til Herøy med politieskorte

Politiet fulgte godt med då skatten blei transportert frå Bergen til Herøy. Frå hurtigrutekaia i Torvika i Herøy til bankvelvet i Fosnavåg, blei skatten køyrd med politieskorte. Og no skal det etablerast ei utstilling på Runde Miljøsenter.

– Skatten blei funnen i havet like utanfor Runde Miljøsenter. No skal det bli ei utstilling i lokala våre. Her skal vi vise fram skatten, båten og historia rundt dette, seier Nils-Roar Hareide, dagleg leiar i Runde Miljøsenter.

Transpor i streng løyndom

Pengetransporten mellom Bergen og Herøy var strengt hemmeleg. I påvente av at det skal lagast ei utstilling, blir skatten oppbevart bak lås og slå i ein av dei lokale bankane. Verdien på skatten av sett til 2,4 millionar kroner.

– Dette er jo ikkje våre verdiar. Det er fellesskapet ved Staten som eig skatten. Så vi skal berre forvalte han og prøve å få mest mogleg glede og nytte av han, seier Nils-Roar Hareide.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.