Under jomfruturen forliste det nederlandske handelsskipet Akerendam utanfor Runde den stormfulle natta 8. mars 1725. Ingen av mannskapet på 200 overlevde. Skipet hadde ein pengetransport verdt om lag 2,4 millionar kroner.
I 1972 fann tre sportsdykkarar myntane, kjent som Rundeskatten. Dette er eit av dei største myntfunna i Europa og består av 57 000 sølv- og gullmyntar.
Nils-Roar Hareide er dagleg leiar ved Runde Miljøsenter.
Foto: Arne Flatin / NRKFolk tar kontakt
I nesten 40 år var myntane og gjenstandane plassert ved Bergen Sjøfartsmuseum, men i 2011 kom skatten heim til Runde. Framleis vert det funne gjenstandar som kan stamme frå forliset.
– Vi lurer på kva vi skal gjere med gjenstandane folk vil levere inn og kva rolle vi skal ha, seier Nils Roar Hareide. Han er dagleg leiar ved Runde miljøsenter, der skatten er stilt ut.
Vil ha ei aktiv rolle
Miljøsenteret skreiv brev til Riksantikvaren for to år sidan, men har framleis ikkje fått svar.
Hareide trur endå fleire ville kome med gjenstandar dei har funne og tatt vare på opp gjennom åra, dersom Runde Miljøsenter hadde ei meir aktiv og sjølvstendig rolle i å ta vare på funna. Men det vil koste både ekstra arbeid og ekstra pengar, noko som dei ikkje har.
Ulovleg å ta ting
Ivar Nesse-Aarrestad er seniorrådgivar hos Riksantikvaren. Han seier at dei har gjort ein feil og gløymt å svare Runde Miljøsenter. Han åtvarar folk mot å ta med seg noko frå skipsvraket.
– Gjenstandane er verna etter kulturminnelova og folk må ikkje ta gjenstandane, seier Nesse-Aarrestad.
Han kan ikkje svare på om Runde miljøsenter skal ha ei meir aktiv rolle, og må sjå nærare på det. I dag er det Bergen sjøfartsmuseum som har forvaltningsansvaret for materialet frå Akerendam-forliset.