Hopp til innhold

Rundeskatten på veg tilbake

Rundeskatten er på veg tilbake til Herøy. Snart 300 år etter at store mengder gull- og sølvmyntar hamna på havsens djup skal dei no fram igjen. 

Bilete av rundeskatten
Foto: NTB-arkiv / Scanpix

Sølv- og gullmyntar frå frakteskuta som forliste for 300 år sidan blir no tilgjengeleg for folket i Herøy.

Folk i kommunen har arbeidd i fleire år for å få stille ut gjenstandar frå den nederlandske frakteskuta Ackerendam.

Ackerendam forliste utanfor Runde i 1725.

 

Finnarar av Rundeskatten
Foto: NTB-arkiv / SCANPIX

Gjenstandane vart frakta til Bergens Sjøfartsmuseum, og no har dei sagt ja til at Runde miljøsenter kan stille ut tinga, når senteret står ferdig om eit års tid.

Tretti år sidan funnet

Det har gått over tretti år sidan tre dykkarar fann vrakrestane av den nederlandske skuta utanfor Runde. I tillegg til svenskane Bengt-Olof Gustafsson og Stefan Persson, var også Eystein Krohn-Dale med då dei oppdaga ei lysing i tareskogen. Då dei undersøkte havbotnen fann dei mengder med sølv- og gullmyntar, og det største skattefunnet i Europa nokon gong var eit faktum. Ifølgje førsteamanuensis Håkon Ingvaldsen ved kulturhistorisk museum på Universitetet i Oslo blei det funne til saman 26 kilo gull og 500 kilo sølv.

- Storleiken på skatten gjer funnet heilt spesielt internasjonalt, seier Ingvaldsen. Skatten blei til slutt fordelt slik at finnarane fekk behalde 75 prosent, den norske stat fekk 15 prosent og den hollandske stat 10 prosent.