NRK Meny
Normal

Ei av verdas største myntskattar

Under ein storm forliste eit nederlandsk skip lasta med gull- og sølvmyntar utanfor Sunnmøre i 1725. Skatten vart funnen av sportsdykkarar om lag 250 år seinare. No kjem NRK med ny dokumentar om funnet.

Video Rundeskatten

Ein junidag i 1972 endra livet til tre unge menn: På havbotnen utanfor øya Runde på Sunnmørskysten fann dei tre ein av verdas største myntskattar:

Gull- og sølvmyntar frå eit hollandsk handelsskip verdt 40 millionar i dagens kroner.

Det vart eit skatteeventyr – men og ein årelang dragkamp om eigedomsretten. Først no, 40 år seinare, møtes skattefinnarane igjen.

Høyrde historia som barn

Gry Molvær

Gry Molvær har laga dokumentaren om Rundeskatten.

Foto: NRK

Det er Gry Molvær i Schrödingers katt som har laga dokumentaren om Rundeskatten som visast på NRK1 torsdag kveld.

Molvær er sjølv frå Sunnmørskysten og har høyrt historia om skattefunnet på Runde sidan ho var barn.

– Det er mange unge som i dag ikkje har høyrt denne fascinerande og spennande historia om det som var Europas største myntskatt den gongen. Rundeskatten er framleis rekna som ein av verdas største myntskattar, seier Molvær.

Forsvann i djupet

Det hollandske handelsskipet Akerendam la ut frå Nederland 19. januar 1725 saman med to systerskip. Om bord hadde skipet 230.000 nederlandske florinar for det som i dag er om lag 40 millionar kroner.

Pengelasta skulle til Batavia, som er Jakarta i dagens Indonesia. For å unngå alle piratane i Den engelske kanal var ruta lagt nord om Skottland.

Under ein storm i Nordsjøen kom Akerendam bort frå følgjet, og forliste i mars 1725 utanfor Runde.

200 menneske miste livet og 19 kister gull- og sølvmynt forsvann i djupet.

Det skulle gå 247 år før skatten vart funnen igjen.

Dykka etter smådyr – fann gull

Finnarar av Rundeskatten

Dei to svenske sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson og Stefan Persson viser fram delar av myntskatten.

Foto: NTB-arkiv / SCANPIX

Nordmannen Eystein Krohn-Dale og dei to svenskane Bengt-Olof Gustafsson og Stefan Persson skulle dykke etter smådyr på havbotnen ein julidag i 1972.

I staden kom dei heilt tilfeldig over gull og kanonar frå vraket av Ankerendam.

– Det var som Onkel Skrue, vi vassa i mynt! fortel Bengt-Olof Gustafsson i dokumentaren som visast på NRK1 torsdag kveld.

Dramatisk dragkamp

Utover 70-talet vart det ein lang og dramatisk dragkamp om kven som eigde skatten, staten eller dei tre finnarane.

Etter lange forhandlingar med den norske regjeringsadvokaten enda det med at dei tre skattfinnarane fekk 75 prosent av myntskatten.

Etter dette vart lovverket i Noreg endra for å hindre liknande saker.

Rundeskatten

Myntar frå Rundeskatten.

Foto: NRK

Spelar hollandsk skipsmannskap

I filmen har Molvær og fått dramatisert ein sekvens frå forliset til Akerendam i 1725.

Dei to skodespelarane Trond Peter Stamsø Munch og hollywoodaktuelle Kristofer Hivju (begge Trøndelag Teater) spelar hardt prøva hollandsk skipsmannskap i full storm.

Opptaka er gjort på såkalla grønvegg hos Ekkofilm i Ila i Trondheim.

– Det ser verkeleg ut som ei skikkeleg dramatisk ruskenatt, eit utruleg flott resultat, seier Molvær.

Den 39 minutt lange dokumentarfilmen om Rundeskatten er laga i samarbeid med Svensk TV, men først ut er NRK1, torsdag 1. desember kl. 1945.