Hopp til innhold

Røykutvikling på Flatholmen

Oppsummert

Søndags ettermiddag meldte politiet om røykutvikling i eit lagerbygg på Flatholmen i Ålesund.

  • Brannen er sløkt

    Brannen på Flatholmen i Ålesund er no sløkt, opplyser brannvesenet. For omtrent ein time sidan bar dei brennande avfall ut av bygninga, for å sløkke det utandørs, ifølge meldingar på Twitter.

    Brann i lagerlokale på Flatholmen
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Mykje røyk i lagerlokale

    Politiet melder om mykje røyk i eit lagerlokale på Flatholmen i Ålesund. Ifølge brannvesenet ulmar det inne i bygninga, men det er ingen opne flammar. Politiet opplyser at det blir lagra mykje restavfall på plassen. Dette blir fjerna no, for å komme inn til kjelda for røyken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL