Hopp til innhold

Hus totalskadd i brann på Nerlandsøy i Herøy

Ein person måtte få behandling av ambulansepersonell etter å ha blitt utsett for røyk i ein bustadbrann på Nerlandsøy i Herøy.

Eit hus blei totalskadd i brann på Nerlandsøy i Herøy torsdag.

Video: Ein bustad på Nerlandsøy i Herøy blei totalskadd i ein brann torsdag.

Like etter klokka 08.00 melde politiet om ein bustadbrann på Nerlandsøy i Herøy.

Ein person måtte få behandling

Brannvesenet kom raskt til staden og kunne starte sløkkingsarbeidet. Bustaden stod likevel ikkje til å redde.

Brann Nerlandsøy i Herøy

Huset på Nerlandsøy i Herøy blei totalskadd i brannen.

Foto: JOAR ØDEGÅRD

– Huset var allereie overtent då vi kom til staden, og blei totalskadd i brannen, seier Frank Austdal ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Ein bebuar blei måtte få behandling av ambulansepersonell på staden etter å ha blitt utsett for røyk.

Det skal ifølgje politiet berre ha vore ein person i bustaden då det byrja å brenne.

Vurderer evakuering

Klokka 09.50 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

Brann på Nerlandsøy i Herøy

Huset blei raskt overtent i brannen.

Foto: Joar Ødegård

– Det er vind i området, men ingen spreiingsfare. Det vil bli ei kontrollert nedbrenning, seier Austdal.

Politiet melder at det vil bli gjort ei fortløpande vurdering om dei må evakuere nærliggande hus. Det ligg fleire bustadar i nærleiken av huset som no er i full fyr. Det er også mykje røyk i området.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til brannen.