Ropte rasistiske skjellsord

Ein person hamna i arresten natt til søndag etter at han ropte rasistiske skjellord til tilsette ved eit gatekjøkken i Ålesund. Mannen vart tidlegare på natta bortvist frå sentrum fordi han hadde knuffa og vore amper mot forbipasserande, men han kom tilbake. No har politiet oppretta sak mot han.