Hopp til innhold

Romsdals Budstikke skal nedbemanne

I løpet av neste år blir det 5–6 færre tilsette i Romsdals Budstikke. Innan 2020 kan mediehuset ha redusert med nær 10 årsverk.

Romsdals Budstikke

Romsdals Budstikke skal redusere talet på tilsette.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I tillegg til å redusere talet på tilsette skal Romsdals Budstikke også spare på andre frontar. Mellom anna skal avisa for neste dag blir ferdig tidlegare kvelden før.

– Vil unngå oppseiingar

Romsdals Budstikke er med i konsernet Polaris, der også blant andre Sunnmørsposten og Adresseavisen er med. Konsernet har som mål å unngå oppseiingar.

Ole Bjørner Loe Velde

Redaktør i Romsdals Budstikke, Ole Bjørner Loe Welde.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Konsernet har gjeve oss ulike verkemiddel slik at vi skal prøve å unngå ein situasjon der nokon må slutte. Men no er det høve til å omstille seg om nokon ønskjer det, i forhold til dei endringane ein ser i mediebransjen, seier redaktør Ole Bjørner Loe Welde til NRK.

Det er i hovudsak sviktande annonseinntekter som har ført til kravet om reduksjonar i Polaris-avisene. Abonnementsutviklinga har vore positiv i fleire månader.

– No må vi prioritere annleis enn før. Men eg meiner framleis at vi har mange journalistar i Romsdals Budstikke som skal klare å levere eit godt produkt. Mediebransjen har endra seg og dette får følgjer også for bemanninga, seier Loe Welde.

– Tung beskjed

Dei tilsette har visst om kutta i ei god stund. Og mediehuset har nettopp vore gjennom ei nedbemanning. Dermed kom ikkje opplysningane som blei lagde fram på eit allmøte i dag som noko sjokk.

Øystein Bjerkeland

Nestleiar i journalistklubben, Øystein Bjerkeland.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Men det er klart at det er tungt å få ein slik beskjed. Vi er uroa for kvaliteten på produktet, men vi trur at vi skal kunne styre dette slik at det blir lite merkbart. Romsdals Budstikke går betre enn mange andre samanliknbare aviser, og vi vonar det også vil vise seg i framtida, seier nestleiar i journalistklubben, Øystein Bjerkeland.

Papiravisene merkar at stadig fleire oppdaterer seg på nyheiter på Internettet. Loe Welde lovar likevel at Romsdals Budstikke framleis skal kome i papirutgåve.

– Ja. Papiravisa er eit godt og viktig produkt for mange menneske i vårt område. Og vi ser at det er betalingsvilje for digital journalistikk. Det gjer at vi også når nye lesargrupper.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL