Roleg natt for Mannen

I natt har det vore roleg ved det skredutsette fjellpartiet ved Mannen i Rauma. NRK sin reporter på staden har ikkje høyrt steinsprang. Det er og etter måten kaldt på staden. I går kveld blei og rørslene i fjellpartiet reduserte og NVE stengde av vasstilførselen. Det er framleis farenivå raudt.

Frå Mannen
Foto: Ivar Eidheim / NRK