Samferdselsutvalet i fylket vedtok mandag å vere med på eit spleiselag med Ørsta kommune, Tussa Kraft, fylkestrygdekontoret og Nordvest Fjordservice.
For å få pengar til drifta, må ferjeruta som går i fjorden kutte to av sine fire daglege avgangar.
Men, det var ikkje berre å banke gjennom saka. Eit innspel frå Tussa Kraft skapte forvirring blant politikarane mandag.
Kraftselskapet har sagt seg villig til å vere med på spleiselaget med 400.000 kroner. Men i siste time kom ein faks tikkande inn til samferdselsutvalet.
Der påpeiker Tussa at dei står framfor ei stor kraftutbygging i Hjørundfjorden dei neste åra.
Difor vil dei ha behov for ferja. Dei ba difor om at ferjeturen midt på dag blir oppretthalden.
Rolf Bergmann frå Frp meinte ein burde utgreie om ikkje dette var mogleg og stemte for å utsette saka.