Hopp til innhold

Rindal til Nidaros først i 2020

Kyrkjerådet vil at Rindal sokn ikkje skal bli eindel av Nidaros før i 2020. Rindal kommune blir del av Trøndelag alt frå komande årsskifte, men Rindal sokn får altså eit år til i Møre bispedøme. Dette var eit ønske lokalt, fordi Rindal har eit godt samarbeid med Surnadal som dei vil halde på i ein overgangsperiode, seier Kyrkjerådsmedlem Olav Myklebust. Dessutan vil Kyrkjerådet at Halsa og Rindal går over i Nidaros bispedøme og Orkdal sokn samtidig frå 2020.

Rindal kirke
Foto: Åge André Breivik / NRK