Hopp til innhold

Riise hylla på heimebane

Til ellevill jubel frå heimepublikum entra John Arne Riise banen like før kampstart mot Stabæk i kveld. Ingen tvil; dette hadde supportarane i Stormen venta lenge nok på.

John Arne Riise med Tangotrøye

Ein stolt John Arne Riise møtte publikum i Tangotrøya si.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

Hurra-ropa og applausen brusa mot kveldshimmelen i Ålesund då John Arne Riise slentra inn på banen i den oransje trøya og med AaFK-skjerfet i handa. Han vinka smilande til publikum, tydleg stolt over endeleg å vere på plass i der det heile starta for mange år sidan.

Fann endeleg roa

NRK møtte Riise like etter signeringa med AaFK om eitt-års-kontrakten tidlegare i ettermiddag. Det var ein tydeleg letta fotballspelar som kunne slå fast at no var endeleg alle papira i orden.

– Det var veldig deilig! Det var nesten som 10 kilo rann frå skuldrene mine. No følte eg at eg fekk den roa eg lengta etter, seier John Arne Riise til NRK i kveld.

Han fortel at har ikkje hadde den store roa då han landa på Vigra i går kveld fordi så mykje enno var uavklart. Men alt ein halv time etter at han hadde signert, kom roa. No er har klar til å kome i gang i AaFK og det synest han er svært tryggande.

Hovudverk heile veka

– Opplever du dette som ein siger?


– Både òg. Det har vore ein tøff kamp. Siste veka vore veldig slitsam. Eg har eg hatt vondt i hovudet konstant heile veka. Eg har trudd det har gått i orden fleire gongar, og så har det alltid kome noko i vegen.

Riise signerer

Signeringa med AaFK blei klar seint fredag ettermiddag. John Arne Riise og direktør Henrik Hoff er glad alt har gått i orden med kontrakten.

Foto: Frå John Arne Riise sin twitterkonto

Det har heller ikkje vore lett å kjempe mot forbundet, Norsk Tipping og toppfotball, stadfester den nye AaFK-spelaren.

– Men vi kom i mål til slutt, og det er ein stor siger for meg og oss.

Fult fokus på fotballen

Riise understrekar at de viktigaste for han no er å tenke fotball.

– No fokuserer eg på å kome i best mogleg fotballform så fort som råd. Eg vil prøve å bidra så godt eg kan både på og utanfor banen.

At generalsekretær Kjetil Siem ønskjer han velkomen inn i fotballfamilien og norsk fotball, trekk Riise helst på skuldrene av.

– Kjetil Siem seier så mykje rart, og sjølvsagt seier han det han skal og er nøydt til å seie. Men eg har kjempa mot dei heile vegen, så det Siem seier har eg ikkje så god tru på, er kommentaren frå Riise.

John Arne Riise

Fleire landslagskampar blir det neppe for Riise-guten, men han vil nok vite å sparke frå seg for Aalesunnd FK dei komande månadane.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Trur på 3 poeng i kveld

Den ferske heimkomne AaFK-spelaren får ikkje trekke i oransje og vere med ut på banen for heimelaget i kveldens kamp mot Stabæk. Men han håper at laget hans skal klare å kapre tre poeng frå bæringane. Han legg til at tre poeng er viktig for ein god start.

– No har ikkje Stabæk hatt den beste oppkøyringa og AaFK har vore omtrent midt på treet, men eg føler Aalesund er favorittar, seier Riise, og tar seg i det – æh eg må vel seie vi, er favorittar.

Klar til Brann-kampen?

Dagens signering kan bety at Riise-guten får heimedebuten mot Brann.

Sjølv peikar han på at det er laget ei langsiktig plan for når han skal vere klar til å entre banen i Tango-trøya.

– Eg har hatt veldig gode samtalar med både trenar, fysioterapeut og teamet elles, og trur Brannkampen er eit godt mål.

Riise

Brørne Bjørn Helge og John Arne Riise har spelt i lag før. No blir det full fres for AaFK for begge i årets sesong.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

John Anre Riise seier han både gler seg og er spent på alt som skjer. Han drar heim til Oslo i morgontidleg for å hente kona og bilen til heimbyen Ålesund.

– Så gler eg meg til å ha betre tid med dottera mi også. Det har vore mange år eg ikkje har vore her og vore ein del av hennar kvardag, så no gler eg meg til å bidra. Vere med på skulen og sjå når ho driv med sine ting, så det gler eg meg til, seier Riise.

Den erfarne fotballspelaren klør nok godt i det livsfarlege venstrebeinet no når laget hans er i kamp mot Stabæk.

Siem avviser

Generalsekretær Kjetil Siem i NFF, aviser antydningane fra John Arne Riise om at forbundet ikkje ønskjer fotballspelaren tilbake i norsk fotball.

– Eg trur ikkje det er ein einaste ein i NFF som ikkje ønskjer han velkomen. Men vi er også forplika til å beskytte sponsorane og avtalene vi har, skriv Siem i ein uttale.

Kjetil Siem legg til at det er dette han har forsøkt å bidra til, og at han håpar alle er fornøgde no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL