Hopp til innhold

Saka om hobbyfotografen startar i retten i dag

I dag startar rettssaka der ein mann i 40-åra frå Ålesund er tiltalt for å ha teke seksualiserte bilde av unge jenter over ei årrekkje.

Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad er aktor i saka som startar i dag.

Foto: NRK

Rettssaka vil gå over fem dagar, frå måndag til fredag.

Hovuddelen av rettssaka vil ta for seg tiltalen der mannen skal ha teke seksualiserte bilde av 37 jenter i ålesundsregionen mellom 2008 og 2012.

Jentene vart avbilda i utfordrande positurar, ikledd latex og høge hælar.

Over fleire år

– Det har gått over mange år med eit betydeleg tal på jenter, heilt nede i femtenårsalderen, seier aktor og politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

– Desse unge jentene har ikkje vore i stand til å ta eigne vurderingar av det dei har vore med på. Det at han har utnytta dette, ser eg på som alvorleg.

Eg er veldig glad for at vi fekk stoppa han, legg Ferstad til.

Mange vitne

Av dei 37 jentene som står som fornærma i saka, skal 14 i vitneboksen. I tillegg vil ein politibetjent vitne om det beslaglagde materialet av bileta som vart tekne.

Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland seier det viktigaste for ho er at dei fornærma får fortalt historiene sine.

– Det er viktig at dei vert trudd og tekne på alvor, seier bistandsadvokaten.

Forsvararen til den tiltalte mannen, Sol Elden, seier det er det er mogleg at det også vert bevisførsel frå deira side.

Familievald

Ålesundaren skal i ei årrekkje ha mishandla sambuaren fysisk og verbalt. Han skal også ha slått sonen sin over ein toårsperiode. Til denne delen av saka er det satt av ein dag i retten.

Strafferamma for fotograferinga er tre år, medan familievalden har ei strafferamme på fire år.