Hopp til innhold

Studentane strøymer til Molde

Høgskulen i Molde har stor auke i søkjartalet.

Solfrid Vatne

Rektor Solfrid Vatne ved Høgskolen i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Det viser hovudopptaket til høgare utdanning som vart klart i dag.

Målretta arbeid

I Molde er det nesten 20 prosent fleire søkjarar enn i fjor.

Rektor Solfrid Vatne, ved Høgskulen i Molde er kjempeglad.

– Målretta arbeid over tid løner seg. Dette er utroleg morosamt å få vere med på, seier rektor Solfrid Vatne i ei pressemelding.

824 studentar har søkt på studiar ved Høgskulen i Molde. Dette er 139 fleire enn i fjor.

Nedgang i Volda og Ålesund

I Ålesund og Volda har det derimot vore ein nedagng i år. Direktør ved Høgskulen i Volda, Jacob Kjøde jr. , er spesielt uroa for få søkjarar til lærarutdanninga.

– Spesielt skulle vi ønske vi hadde betre søkjartal til den nye lærarutdanninga frå 1. til 7. trinn, men også for 5.-10 trinn skulle vi sett at vi hadde fleire søkjarar, seier han.

Jubel i Molde

Men i Molde er det altså berre jubel over opptakstala.

Informasjonskonsulent Jan Ragnvald Eide ved Høgskolen i Molde svært fornøgd.

– Det er utruleg gledeleg. Heilt fantastisk, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL