Hopp til innhold

Rekordlåge straumprisar i sommar

Etter ein kald og våt sommar, er det kanskje ei trøyst at straumprisen er lågare enn på fleire år. Prisen kjem truleg til å halde seg låg utover også.

Høyere strømpriser

LÅGE PRISAR: Ein kald og våt sommar gjer at spotprisen på straumen er låg. Det merkast kanskje ikkje så godt for forbrukaren likevel.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

– For juni var spotprisen 12,6 øre. Det er det lågaste me har hatt sidan 2012, og før det igjen i 2007, seier leiar for handelsavdelinga, Borgny Hatlestad Tveekrem ved Nordmøre energiverk.

Til samanlikning er snittprisen for Sør-Norge for første halvår i år 20,5 øre/kWh, ifølge ein statistikk fra Nordpool Spot. Det er mykje lågare enn tidlegare år.

Kjem truleg til å vare

Borgny Hatlestad Tveekrem - leiar for handelsavdelinga ved Nordmøre energiverk

LÅGE PRISAR: Borgny Hatlestad Tveekrem, leiar for handelsavdelinga ved Nordmøre energiverk, seier spotprisen på straumen er rekordlåg.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Borgny Hatlestad Tveekrem trur prisen kjem til å halde seg låg utover hausten og vinteren.

– Det er eit lågt prisnivå. Det er fylt opp godt med vatn i magasina, og snøen ser ut til å ligge over sommaren, seier Tveekrem.

Det betyr at me ligg godt an til hausten og vinteren, og dei rekordlåge prisane ser ut til å vare utover hausten og vinteren, seier ho.

Kan fyke i vêret

Nedbøren påverkar kraftprisen, og det same gjer prisen på olje og kol.

– Me er i ein nordisk kraftmarknad, så basiskrafta vår er svensk kjernekraft. Den har vore veldig stabilt dei siste åra. Skulle det dette ut eit kjernekraftverk i Sverige i tillegg til at me får ein veldig tidleg og kald vinter, så kan straumprisane plutseleg fyke i vêret att, seier Tveekrem.

Er folk opptatt av prisen når den er så låg?

– Slik me opplever det er det lite fokus på straumprisen no når det generelle nivået er så lågt, seier Tveekrem.

Delte meiningar om prisane

Sjølv om spotprisen er låg er det ein viss forskjell på den og på kva som hamnar på fakturaen, for skattar og avgifter kjem i tillegg.

– Eg blir irritert kvar gong eg ser nettleiga. Straumprisen er låg, men nettleiga aukar og aukar. Dei tar det att der, seier ei kvinne.

Medan det for andre truleg ikkje er straumen dei tenkjer mest på.

– Me brukar så lite straum akkurat no, så eg føl ikkje så mykje med på detaljane rundt det. Eg berre passar på at det blir betalt, seier ein mann.

Dårlege tider for kraftverket

Borgny Hatlestad Tveekrem ved Nordmøre energiverk seier at dei synest det er hyggeleg for kundane at prisen er låg, men at det for dei som produksjonsselskap er dårlege tider.

– I vårt område er det spesielle at sjølv om det generelt sett har vore veldig mykje snø i Noreg og spesielt i Sør-Noreg, så er me i eit område der det relativt sett har vore mindre snø enn normalt, seier Tveekrem.

– Me blir på ein måte treft av at det er låg pris i tillegg til at produksjonsvolumet er lite. I tillegg har det vore kaldt, så den snøen me har smeltar ikkje og me får ikkje brukt den til kraftproduksjon. Innteninga blir dårlegare når du har låg pris og liten produksjon.

HØYR SAKA:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL