Hopp til innhold

Overvaker snøsmeltinga

Med høge temerapturar som for alvor sett fart i snøsmeltinga og varsel om moderat flaumfare, så er kraftselskapa mellom dei som har eit ekstra auge med det som skjer.

NVE har i dag sendt ut varsel om moderat flaumfare i Norddal, Rauma og Stranda. Dei høge temerapturane har for alvor sett fart i snøsmeltinga over heile fylket, og kraftselskapa er mellom fleire som har eit ekstra auge med det som skjer når store mengder snø smeltar i fjella.

SJÅ SAKA: Kraftselskapa overvakar snøsmeltinga og nivået på vatnet i elvane. Det er så mykje vatn at det renn over.

– Det er mykje spilt vatn her. Det er mange kilowatt-timar som renn over, seier produksjonsplanleggjar Kjell Idar Saure ved Tussa Energi.

NVE har i dag sendt ut varsel om moderat flaumfare i Norddal, Rauma og Stranda, og det med høge temperaturar i fjellet merkast at det er mykje vatn i elvane.

Det var venta at varselnivået ville auke til gult i løpet av dagen.

– Det går for fullt no, seier Saure.

Føl tett

Tussa Kraftverk har 21 kraftverk på Søre Sunnmøre, og dei fleste ligg ved dei enno snødekte Sunnmørsalpane.

Svein Vassbotn og Kjell Idar Saure

OVERVAKER: Avdelingsleiar Svein Vassbotn og produksjonsplanleggjar Kjell Idar Saure arbeider ved Tussa Energi og overvaker den store snøsmeltinga.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

No som snøen smeltar i rekordfart skal det noko til å sluke unna alt vatnet som kjem i elvane, og energiverket føl no snøsmeltinga tett.

– Det er mykje smeltevatn som skal ned og ein del renn over, men mesteparten går i turbinane. Me har rimeleg bra kontroll, seier avdelingsleiar Svein Vassbotn ved Tussa Energi.

Produksjonsplanleggjar Kjell Idar Saure ved Tussa Energi har ikkje opplevd likande.

– Eg har vore med i kraftforsyninga sidan 1980, og eg trur faktisk ikkje me har hatt noko år som har hatt så sein snøsmelting som dette, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Saudehornet i Ørsta er dekka av snø

MYKJE SNØ: Saudehornet i Ørsta er dekka av snø. Snøsmeltinga fører til at det renn over på kraftverka, og då overvaker dei tilsette i Tussa Energi nøye med.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Fører til låge prisar

Blåbretind i Sykkylven

SNØSMELTING: Blåbretind i Sykkylven har framleis mykje snø liggjande, men varme dagar set fart på snøsmeltinga, og kraftverka.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er ikkje berre ute på dei mange kraftstasjonane snøsmeltinga blir overvaka.

Kva elvar som har mest vassføring, og korleis det slår ut på dei ulike kraftverka blir også nøye overvaka innandørs.

– Eg sit og ser på kor mykje tilsig me kan forvente til kraftverka, ut ifrå vêrmeldinga og kva dei melder om temperatur og nedbør, seier Kristoffer Vik som er student ved NTNU.

Fjellrekka på Standaleidet i Ørsta

SEIN SNØSMELTING: Fjellrekka på Standaleidet i Ørsta er framleis dekka med snø. Mange av kraftverka til Tussa Energi ligg like ved Sunnmørsalpane, og snøsmeltinga må dei overvake for at ikkje for mykje vatn skal gå til spille.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Prognosane viser at mykje smeltevatn endå vil komme frå fjella framover, og nedbør kan også føre til at det blir overløp på dammane.

Betyr stor snøsmelting, rikeleg med vatn, og kraftverk som går for fullt, betyr det rimelegare straum til forbrukarane?

– No er vel prisen under 10 øre for kilowatt-timen, så den som likar å bruke straum på sommaren kan berre bruke. Me kan også komme endå lågare enn me er no, seier produksjonsplanleggjar Saure.