Hopp til innhold

Rekdal rasar mot fotballforbundet

AaFK-trenar Kjetil Rekdal er rasande på Norges Fotballforbund.

I går vart det klart at eit landslag med spelarar frå den norske eliteserien skal vere med i ei turnering i Thailand i januar.

Rekdal ser overhodet ikkje poenget med turen.

AaFK-trenaren seier han lurer på kva forbundet skal i Thailand med spelarar som nettopp har kome attende frå ein mellom 5 og 6 veker lang ferie.