Hopp til innhold

Reinheimen nasjonalpark er oppretta

Møre og Romsdal har fått sin andre nasjonalpark og tre nye landskapsvernområde. Nasjonalparken blei oppretta av Kongen i statsråd fredag.

Ola Betten og Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde

Miljørådgjevar Ola Betten i Møre og Romsdal fylke og Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dermed er eit av dei største og viktigaste områda for villreinen sikra. Reinheimen ligg dels i Oppland, dels i Møre og Romsdal.

Nye verneområde

Dei nye verneområda er:

  • Reinheimen nasjonalpark (høgfjellsområda frå riksveg 63 frå Geiranger mot Grotli aust til Slådalsvegen i Lesja/Vågå). Totalt 1969 km2, av dette 606 km2 i Møre og Romsdal.
  • Romsdalen landskapsvernområde på 136 km2 (Brøstdalen, Vermedalen og delar av Romsdalen)
  • Trollstigen landskapsvernområde på 146 km2 (Området mellom Valldalen, Innfjorden og Isterdalen).
  • Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde på 74 km2 (Eit område langs sørsida av Valldalen, austsida av Tfjorden og Nedre Reindalen).

Frå Tafjord til Trollveggen

Verneområdet går heilt frå strandkanten i Tafjorden og opp til 2000 meter over havet i Lesja. Det er vurdert som det verneområdet i landet som har nest størst variasjon i biologisk mangfald. Det er rikt på verdifulle landskapsformer og geologiske utformingar. Trollveggen er teken med i nasjonalparken etter lokale ønske.

Vassdrag

Området inneheld fleire markante vassdrag, i Møre og Romsdal først og fremst Rauma, Istra og Valldøla. Alle tre er verna mot kraftutbygging, og vernet av Reinheimen stadfester korleis regjeringa verdset desse elvane.

Bruk av naturen

Gardsbruka på Skiri og Flatmark i Romsdalen er med i landskapsvernområdet. Det er laga vernereglar som tek omsyn til at desse bruka skal kunne drivast og utviklast. Området inneheld viktige kulturlandskap og kulturminne, bl. a. etter den gamle villreinfangsten.

Reinheimen er også viktig for friluftslivet. I Tafjordfjella er det mange turisthytter og eit godt utbygt nett av stigar.

Følgjer av vernevedtaket

Vernet skal ikkje hindre drift og vedlikehald av bygningar, vegar, jernbane og andre anlegg. Landbruket kan drivast og utviklast innan visse rammer. Derimot vil vernet stoppe framtidig kraftutbygging, nye vegar og hyttefelt i fjellet. Det er lagt til rette for reiselivsutbygging på Stigrøra øvst i Trollstigen og opprusting av eksisterande kraftverk i Veltdalen og på Verma.

Det er venta at etableringa av nasjonalparken skal verke positivt på reiselivet i distrikta omkring verneområda.

Lokal forvaltning

Kommunane får tilbod om lokal forvaltning av verneområda. Dette inneber at dei kan gje løyve og dispensasjonar frå vernereglane, drive informasjonsverksemd, få til skjøtsel osv. Ei slik lokal forvaltning vil gjelde mellombels. Miljøvernstyresmaktene vil komme tilbake til spørsmålet om ei meir permanent ordning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL