Hopp til innhold

Har kjempa i 20 år mot avføring i naturen rundt turistperle

Nasjonal turistveg, eller ein grisete svinesti? Konflikt rundt kven som skal betale for toalett og avfallsdunkar ved Trollstigen har gjort kampen tidkrevjande.

Trollstigen

«SVINGESTI»: Ein må manøvrere seg opp elleve krasse svingar for å kome seg til topps i Trollstigen. Køyrer dei fem kilometer til i retning Valldal, hamnar ein i Slettvikane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Om Slettvikane ved Trollstigen var ei leilegheit, ville meklarane beskrive ho som ei romsleg perle i naturskjønne omgivnadar.

– Eg trur mange blir skuffa når dei møter ekskrement i buskene, seier Arne Sandnes.

Den tidlegare ordføraren i Norddal kommune har éi sak han vil skal gjennomførast før han døyr.

Nemleg å få på plass toalett og avfallsdunkar på Slettvikane. Det er eit verna område i nasjonalparken Reinheimen.

Likevel tek nokre seg fridomen til å drite i naturen.

Kvar dag passerer over tusen køyretøy vegikonet Trollstigen i Romsdal. Etter å ha snirkla seg oppover svingane, og tatt ein matbit på toppen, kan folk måtte tømme tanken på veg ned.

Slettvikane ovanfrå

Arne Sandnes viser fram Slettvikane ovanfrå.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Vil rydde opp i rotet

– Det er ikkje Noreg verdig å presentere området slik i dag. Vi er bekymra på alle sine vegner og meiner dette bør ryddast opp i, fortel Arne Sandnes som er styremedlem i Øvstestølen grunneigarlag.

Arne Sandnes 2

Arne Sandnes er bekymra for at avføringa skal føre til problem for jordbæra i Valldalen.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Berre ved å kike rundt parkeringsplassen i Slettvikane kan ein sjå koppar, ølboksar og anna skrot langs vegkanten.

Leiaren i grunneigarlaget, Fridjon Døving, har brukt tid på å dokumentere forsøplinga i området.

Han og Sandnes fortel at dei har delteke i minst 50 møte dei siste 20 åra for å ordne opp i «skiten».

Fridjon Døving viser fram ekskrement-dokumentasjon

Fridjon Døving viser fram eit bilete han tok i Slettvikane som viser store mengder dopapir.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Rollefordeling med bismak

Planen er godkjend og gryteklar.

Kostnaden? To millionar kroner.

Grunneigarane stiller grunnen. Møre og Romsdal fylkeskommune tek over drift når anlegga er på plass. I tillegg er mellom anna Miljødirektoratet og Reinheimen nasjonalparkstyre involverte.

Arne Sandnes og Fridjon Døving

Fridjon Døving og Arne Sandnes viser fram reguleringsplanane for prosjektet. Desse er godkjende.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Finansieringa er det kommunen som skal ta seg av. Men her stoppar det opp.

No ber dei om hjelp frå fylkeskommunen til å bidra i spleiselag.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen seier fylkeskommunen som vegeigar gjerne tek over som byggherre for prosjektet om det er ønskeleg.

Foto: Anne Marit Øksenvåg Johansen

– Det vi har sagt, er at vi kan ta over ansvaret for driftinga av anlegga, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen som er positiv til toalett på staden

Eva Hove 2

Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove (Ap), meiner det er eit enormt behov for toalett og avfallsdunkar på Slettvikane

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Han meiner at kostnadane av driftinga over tid gjer fordelinga rettferdig.

Men verken grunneigarlaget og Fjord kommune er einige i dette.

– Det er ikkje rimeleg, og prosjektet har blitt ein evig sirkel vi aldri kjem i mål med, seier ordførar i Fjord kommune, Eva Hove (Ap).

Nasjonalparkforvaltar Mari Melbø Rødstøl meiner det hadde vore positivt om fylkeskommunen tok ein del av kostnadane. Sjølv har dei bidratt med pengar, og søkt om midlar frå Miljødirektoratet.

Konsekvensar for naturen

– Det er klart uheldig med forsøpling ute i naturen for dyr og menneske. I verna område skal det vere reint, fortel Rødstøl.

Mari Melbø Rødstøl

Nasjonalparkforvaltar Mari Melbø Rødstøl fortel at nasjonalparkstyret har vore positive til planane sidan 2013, og har løyvd 250 000 kroner til prosjektet i år.

Foto: Privat

Over heile landet gjer folk frå seg i lyng og bekk.

NRK kunne i førre veke melde at meir og meir menneskeleg avføring i Lofotodda nasjonalpark blir funne.

Forskar Rose Keller fortalde då at avføring inneheld 30 til 50 prosent bakteriar.

Om det hamnar i drikkevatnet, må vi difor tenke oss om før vi fyller vassflaskene våre.

Kjenner seg oppgitt

Styreleiar i Øvstestølen grunneigarlag, Fridjon Døving, er lei av all ventinga.

– Eg kjenner meg oppgitt. Dei fleste er einige at det må gjerast noko her. Men når det er snakk om pengar er ikkje alle like interesserte lenger.

Saueklapp med Arne Sandnes

Det er ikkje berre menneske som ferdast over Trollstigen. Sauer har området som beite og blir også påverka av søppelet som ligg der.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Området er ikkje triveleg å presentere for turistar i dag, konstaterer Døving.

Sjølv om fylkeskommunen ikkje vil bli med på finansieringa, held ordførar Eva Hove hovudet høgt. Målet er å få på plass toalett og avfallsdunkar på Slettvikane i 2023.

Kartet viser kvar Slettvikane ligg i Møre og Romsdal fylke.