Hopp til innhold

Håper humpane forsvinn om regjeringa løyver milliardar til fylkesvegar

Regjeringa vil løyve 15,9 milliardar kroner ekstra for å utbetre fylkesvegane. Kjøtprodusent Ole A. Ringdal håper det betyr mindre kjerreveg, men etterslepet er langt større enn det regjeringa vil bruke.

Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Grodås

Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Grodås var ein grusveg på 70-talet som fekk asfalt. I mange år har det blitt kjempa for å utbetre vegen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På humpete asfalt mellom Hellesylt og Grodås køyrer lastebilar fylt med både dyr og kjøtvarer.

– Eg vil kalle det ein dårleg kjerreveg. Det er katastrofestandard, seier bedriftseigar Ole A. Ringdal. Vegen har vore dårleg så lenge han kan huske og han meiner det er krise at den ikkje blir utbetra. Store bilar frå hans bedrift passerer strekninga 50 gongar i veka.

– Det slit på bilar, sjåførar, varer og dyra, seier Ringdal. Privatpersonar har merkt vegen med skilt to plassar, der det står «Verdas lengste berg og dalbane»

Ole A. Ringdal

Administrerande direktør, Ole A. Ringdal, meiner det er på høg tid på halde ved like fylkesvegane.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Historisk satsing

No foreslår regjeringa å løyve 15,9 milliardar ekstra over 12 år i Nasjonal Transportplan for å betre fylkesvegnettet.

– Dette er ei historisk satsing på fylkesvegane. Eg trur mange har sett at riksvegane har blitt betydeleg betre, men dei vegane vi brukar i kvardagen vår har ei stor utfordring, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Det er eit etterslep på vedlikehald av fylkesvegane på mellom 60 og 90 milliardar kroner, ifølgje regjeringa.

Knut Arild Hareide

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) meiner det er ei historisk satsing på fylkesvegane.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK

Stort etterslep

Midlane skal bli gitt som tilskot til fylkeskommunane, og dette er fordelinga:

  • 825 millionar kroner ekstra kvart år dei neste seks åra som skal gå til oppgradering av veg og sikrare tunnelar. .
  • Så plussast ein ekstra milliard på til vegane, kvart år, dei siste seks åra.

Til saman blir det 15,9 milliardar kroner ekstra dei neste 12 åra.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) svarar slik på spørsmålet om dette er nok til å dekke etterslepet:

– Eg trur aldri at etterslepet blir null, men dette har vore den viktigaste bodskapen frå fylka. Vi må gjere noko med fylkesvegane og det vel regjeringa å lytte til, seier Hareide.

Regjeringa vil løyve pengane til dei som har reelt behov og Hareide seier at det er distriktskommunane som har dei store utfordringane.

Sverre Myrli

Sverre Myrli (Ap) meiner det bør kome meir pengar dei næraste åra og ikkje langt fram i tid.

Foto: Arbeiderpartiet

– Altfor lite

Medlem i transportkomiteen, Sverre Myrli, (Ap) meiner det er gledeleg visst det kjem pengar til fylkesvegane for behovet er enormt, men meiner det er altfor lite.

– Visst regjeringa har eit triks med at det kjem litt pengar første åra og så skal det kome meir pengar om sju år eller noko, er det litt triks med tal. Det er enkelt å love noko langt fram i tid, seier Myrli.

Han meiner det i staden bør kome meir pengar dei næraste åra og at dette ikkje kan utsettast.

Kan vere redd

Yvonne Bjørdal i Vartdal plast

Yvonne Bjørdal er sjåfør i Vartdal Plast. Ho forstår ikkje kvifor vegane har så dårleg standard.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lastebilsjåfør Yvonne Bjørdal i Vartdal Plast køyrer mange mil kvar dag og kan ikkje forstå kvifor norske vegar ikkje held betre standard. For henne er kvardagen djupe hjulspor og smale vegar.

– Det er plassar der eg faktisk er redd, fordi fleire vogntog har reist utanfor vegen, seier Bjørdal. Ho er glad for at regjeringa vil bruke pengar på vedlikehald, men trur det ikkje før ho ser det.

I bedrifta på Hellesylt blir regjeringa si satsing på fylkesvegar tatt godt i mot.

– Det har vore sett av altfor lite pengar til vedlikehald og forfallet er formidabelt, seier administrerande direktør Ole A. Ringdal.