Hopp til innhold

Noreg vil kjøpe luftvern for 12,5 milliardar – berre nok til å forsvare to flybasar, meiner ekspert

Forsvaret øver på å beskytte sivile mål frå trugslar i lufta. Men trass i ønska milliardinvestering vil Noreg berre ha kapasitet til å forsvare to kampflybasar med luftvern.

Luftvernbataljonen fra Ørlandet øver på Tjeldbergodden i Aure.

Luftvernbataljonen frå Ørlandet har vore i Møre og Romsdal for å øve på å beskytte industrianlegget til Equinor på Tjeldbergodden.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Luftvernbataljonen til Forsvaret øver ved anlegget til Equinor på Tjeldbergodden, der nær ein million tonn metanol blir produsert kvart år med gass frå Norskehavet.

Soldatane har tatt landevegen fatt og flytta luftvernsystema 150 kilometer over til nabofylket for å øve med F35 jagarfly, Hercules-fly og Forsvarets droneteneste. Tidlegare i år trente dei på å beskytte Oslo.

– Det er første gong vi øver her på om lag ti år. Å beskytte kritisk sivil infrastruktur er noko luftvernet skal kunne, seier batterisjef Eirik Bjerkestrand.

Øvelse med luftvernbataljonen på Tjeldbergodden i Aure

Batterisjef Eirik Bjerkestrand i Luftvernbataljonen øver ved Equinor Tjeldbergodden i Aure. I lufta ser ein eit Hercules-fly som skal simulere eit mål under øvinga.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kan berre beskytte to basar

Men dersom ein krig skulle bryte ut vil dei truleg ha nok med å beskytte kampflybasen på Ørlandet, der dei er stasjonert. Det seier Lars Peder Haga, førsteamanuensis ved Luftkrigsskulen i Forsvaret.

Portrettbilde av Lars Peder Haga.

Lars Peder Haga er forskar og underviser på Luftkrigsskulen. Han var òg med på å utarbeide den nye doktrinen for luftoperasjonar i Forsvaret.

Foto: Luftkrigsskolen

– Vi har lenge hatt eit luftvern som er i stand til å beskytte to basar i Noreg, Evenes og Ørlandet. Vi har også andre område i Noreg som vil vere viktig i krig. Vi vil ikkje vere i stand til å beskytte hovudstaden, flåtebasar og andre viktige område. Vi er vesentleg svakare stilte enn Ukraina var i 2022, seier Haga.

Nyleg blei det klart at regjeringa vil bruke 12,5 milliardar kroner på å styrke luftvernet i Noreg. Det vert den største enkeltinvesteringa i luftvern på 30 år – om forslaget når gjennom i Stortinget.

Dette skal i stor grad gå til å erstatte utstyr som Noreg har donert til Ukraina, samt forbetra utgåver av dei såkalla NASAMS-missila.

Desse var svært ønska av den ukrainske presidenten til blant anna å beskytte sivil infrastruktur. Haga meiner likevel at det er ein lang veg å gå før norsk luftvern er godt nok.

– Det erstattar det som er donert, det kjem nokre nye type missil med noko betre yting enn før. Men i mengde og type er det ikkje nokon substansiell endring. Det er dei same kapasitetane vi har hatt, seier Haga.

– Svært kostbart

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er samd i at det trengst ei betydeleg styrking av luftvernet i åra framover. Dei møttest på Dagsnytt 18 tidlegare i veka.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) med Forsvarskommisjonens rapport.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram frå Senterpartiet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det vi la fram er jo ikkje et samla svar på luftvernet framover. Vi skal legge fram ein langtidsplan neste år kor vi vil legge fram ytterlegare forslag om å styrke luftvernet, seier Gram.

Han seier det blir mange diskusjonar rundt kva område ein skal kunne beskytte og korleis, men at det ikkje blir billig.

– Ei samla løysing som mange ønsker seg for luftvernet er svært kostbart, og det vil ta tid å bygge det opp. Det handlar ikkje berre om å kjøpe materiell heller, men vi treng bygningar til å huse det og folk til å betene det. No bygger vi det opp systematisk og tar viktige steg vidare på det, seier Gram.

Øvelse med luftvernbataljonen på Tjeldbergodden i Aure. NASAMS luftvern.

Utskytingstroppen trenar på å laste inn missil under øving i Aure.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Luftvern i verdsklasse

Utskytingstroppen til Luftvernbataljonen øver heile året på å laste missil inn på rampa så effektivt som dei kan. Dei synest det er givande å sjå kor viktig luftvern har vist seg å vere.

– Eg synest det er veldig spennande å jobbe med. Spesielt når ein ser kor bra systemet fungerer nede i Europa no for tida, så gir det oss veldig masse å bli så god som mogleg, når ein ser kor viktig det er for krigen der, seier visespesialist Bertine Lade.

Visespesialist Bertine Lade.

Visespesialist Bertine Lade jobbar i utskytingstropp i Luftvernbataljonen på Ørlandet flystasjon.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Luftvernsystema NASAMS som Noreg brukar, blir produsert av Kongsberg og er rekna å vere i verdsklasse.

– Det er om ikkje det beste mellomdistanseluftvern i verda, og dei har verkeleg vist sin kvalitet i Ukraina. Det er viktig at vi bygger det ut, og det gir oss vern mot dei fleste trugslane vi har, seier forsvarssjef Gram.

Forslaget om investeringane i luftvern er no til behandling i forsvarskomiteen på Stortinget, og dei har frist til 11. desember om dei vil fremje det for resten av tinget.