Hopp til innhold

Regjeringa opnar for å bygge ut verna vassdrag

I dag la regjeringa fram ei ny stortingsmelding om flaum og skred. Dei vil mellom anna opne for utbygging av verna vassdrag, og at kommunane skal betale mindre for førebygging.

rRCXdiQl0Q0

Energiminister Terje Aasland (Ap) og kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) la i dag fram ei ny stortingsmelding om flaum og skred.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Varmare, våtare og meir ekstremt. Det beskriv vêret vi ventar oss i framtida. Og med det aukar faren for flaum og skred.

I Vistal i Molde kommune har naboane Marit Berg Øien og Joakim Lange på nært hald sett kva ekstremvêr kan gjere. I fjor sommar måtte dei flykte frå heimane sine då det rasa.

– Då vi såg kor mykje massar som kom nedover skjønte vi at vi måtte komme oss vekk, seier Lange.

Øien forklarar at det berre var flaks at det gjekk bra.

Raset kom langs huset i det vi sprang. Det hadde kanskje vore naturleg å springe den andre vegen, men då hadde vi sikkert blitt med massane i elva, så det er flaks, ja, seier Øien.

Marit Berg Øien og Joakim Lange.

Marit Berg Øien og Joakim Lange måtte dei flykte frå heimane sine i fjor sommar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Regjeringa har i dag lagt fram ei stortingsmelding om flaum og skred. Der forklarar dei korleis dei vil jobbe med å sikre folk mot naturfarane.

Hans CossonEide NN nynorsk byline

Varmare, våtare og villare

Klimaendringane har allereie endra kor, kor ofte og kor kraftig verda opplever flaum, og kan føre til fleire og meir alvorlege skred, ifølge FNs klimapanel.

Det er blant anna fordi Europa og andre delar av verda har opplevd mykje ekstremnedbør dei siste åra. Menneskeskapte klimaendringar aukar allereie sjansen for at regnet blir så ekstremt.

Fare for flom
Lars Tore Endresen / NRK

Kva har skjedd så langt?

Når temperaturen aukar, fordampar det meir vatn, og atmosfæren kan halde på meir vatn. Det gjer at nedbøren blir meir konsentrert og intens, ifølge klimapanelet.

Dei seier at vårflaumane kjem tidlegare enn før, og at flaumar kjem oftare og kraftigare enn tidlegare mange stader i verda.

Sørpeskred i Kvæfjord. Vegen blir stengt til tirsdag morgen på grunn av skred og skredfare. Statens vegvesen tar en ny vurdering tirsdag 30.1 kl 09.00.
Statens Vegvesen

Kva veit vi om jordskred?

Auka nedbør og smelting av snø og isbrear kan også auke faren for jordskred, særleg i bratte fjellområde.

I tillegg til at klimaet endrar seg, er befolkningsvekst og turisme også noko som gjer jordskred meir sannsynleg i framtida, fordi det blir meir press på naturen.

Kan vi gjere noko med det?

Jo mindre klimagassar verda slepp ut dei neste åra, jo mindre oppvarming får vi. Då vil også faren for ekstremvêr knytt til vatn auke mindre.

I tillegg finst det tiltak som varslingssystem og betre planlegging av infrastruktur, som kan avgrense dei verste skadane.

Landa i verda har lova å prøve å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Med dagens politikk ligg vi an til 2,8 graders oppvarming, ifølge UNEP.

Opnar for å bygge ut verna vassdrag

I stortingsmeldinga legg regjeringa stor vekt på førebyggande tiltak. Dei peikar mellom anna på korleis skog kan verne mot naturskadar.

I tillegg skriv dei at dei framover vil ein skal legge meir vekt på flaumdemping når det er snakk om utbygging av vasskraft.

Det å ha moglegheita til å demme opp vatn i magasin, gjer at ein minkar risikoen for flaum.

Her skriv regjeringa at ein bør kunne vurdere å også bygge ut verna vassdrag i enkelte tilfelle.

Dette har tidlegare skapt stor debatt, då Høgre la fram ei liste med ti elvar dei ville slutte å verne.

Energiminister Terje Aasland (Ap) seier utbygging av verna vassdrag er føresett at ein ikkje øydelegg dei naturverdiane som skal vernast i vassdraga.

– Det kan vere mogleg nokre stadar, og difor har vi også opna opp for det.

Er de førebudde på motstand her?

– Vi er førebudde på det.

Erling Sande. Terje Aasland.

Energiminister Terje Aasland bekreftar at regjeringa opnar for å demme opp meir vatn, også i verna vassdrag, for å sikre mot flaum.

Foto: Petter Larsson / NRK

Vil ta meir av rekninga

Regjeringa legg opp til at NVE framover skal prioritere å gjere store sikringsprosjekt, men at kommunane også skal sørge for at dei gjer sikringstiltak der folk bur.

Kommunane tek i dag 20 prosent av rekninga når det gjeld sikringstiltak for å førebygge flaum og skred.

Regjeringa føreslår at kommunane framover berre må betale 10 prosent. I tillegg vil dei at prisen for kommunane skal vere på maks 40 millionar kroner per tiltak.

– Store eigenandelar er ofte krevjande for kommunane, dei har ofte krevjande økonomi. No seier vi at staten skal ta ein større del, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Han legg til at regjeringa også vil styrke rettleiinga, slik at kommunane skal oppleve at dei får betre rettleiing når det blir flaum eller går eit skred.

Kan måtte betale meir for flaumsikring

Regjeringa vil sjå på moglegheita for å innfør eit overvatngebyr, på toppen av andre kommunale avgifter.

Det vil seie at dei som eig ein eigedom som er knytt til kommunen sitt avløp må betale ein fast sum, for at kommunane skal kunne handtere større mengder nedbør i framtida.

– Det at vi sikrar at kommunane også tek sin del av ansvaret for å kunne handtere den type hendingar er viktig. Skal ein førebygge godt, så kostar det pengar, seier kommunal- og distriktsministeren.

Andre hovudpunkt:

  • Regjeringa vil skaffe eit samla nasjonalt risikobilde for flaum og skred.
  • Dei vil skaffe meir kunnskap om kva område som er utsette, slik at ein kan jobbe meir systematisk med sikring.
  • Dei vil at NVE skal kunne gi meir presise farevarsel.
  • Dei vil auke kunnskapen om korleis ein kan hindre at kraftig regn fører til flaum i byar.
  • Dei vil vurdere korleis staten kan hjelpe til med å rydde opp etter flaumskadar på allereie eksisterande sikringstiltak ved dyrka mark.
  • Vil fremme forsking på naturfare, og førebygging av naturskade.

Forslaget blir møtt med kritikk

Fleire parti og naturvernorganisasjonar reagerer kraftig på at det blir opna for utbygging av verna vassdrag.

– Regjeringa går til angrep på juvelane i norsk natur. Det er hårreisande at regjeringa sett døra på gløtt for kraftutbygging i verna vassdrag, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken. (SV)

Lars Haltbrekken, Sosialistisk venstreparti

Lars Haltbrekken (SV) seier at det har vore ein lang kamp for å få verna nesten 400 vassdrag mot kraftutbygging, og at det er uaktuelt å rasere desse.

Foto: Tale Hauso / NRK

Heller ikkje Venstre er imponert over regjeringa og meiner forslaget er elendig.

– Tiltak for å førebyggje flaum er allereie lov, og det einaste verna vassdrag er verna mot er nettopp kraftutbygging. Desse vassdragene må få fortsette å renne fritt, seier stortingsrepresentant Ola Elvestuen (V).

Også Rødt og MDG er kritiske til forslaget om å opne for utbygging. Det same er Verdens naturfond, naturvernforbundet og Natur og Ungdom.

Håper det blir betre

Vistdal skredrammede
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I Vistdal er Lange optimistisk etter stortingsmeldinga som har blitt lagt fram. No håper han at ting blir betre.

– Jeg håper at alle instansar lærte kva som fungerte og kva som ikkje fungerte. Visst det er ein plass ein ser at det må forebyggast, er det betre å gjere det enn å reparere etter at det har skjedd noko. Eg vil tru det er meir økonomisk, svarar Lange.