Hopp til innhold

Regjeringa endrar forslag om friskulekutt neste år

Men vil framleis fjerne det doble tilskotet som friskular med både barne- og ungdomstrinn har mottatt.

Amali Nassar, Rebecka Sofie Landa Watson og Anne Pernille Nerseth.

Amali Nassar, Rebecka Sofie Landa Watson og Anne Pernille Nerseth hadde møtt opp for å demonstrere mot kutt i friskulane.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Regjeringa endrar forslaget om å kutte i støtta til friskulane i 2024. Det bekreftar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

– Det er viktig for regjeringa at me har eit finansieringssystem som er rettferdig. Me tek skulane på alvor, og inviterer dei til ein grundig gjennomgang for å belyse eit område kor finansieringa ikkje er tilstrekkeleg, seier Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Kari Nessa Nordtun

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun melder at ho endrar forslaget om å kutte i støtta til friskulane for 2024.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ministeren skal no saman med representantar for organisasjonane til friskulane vurdere om det er grunn til å gjere andre endringar i tilskotet til privatskular.

Onsdag ettermiddag samla fleire hundre seg for å demonstrere mot massive økonomiske kutt for friskulane. I folkemengda står Rebecka Sofie Landa Watson, som går i 7. klasse på Stavanger kristne grunnskole.

– Eg står for friskulen min. Eg vil ikkje at dei skal ta den ned fordi eg er veldig glad i friskulen eg går på. Du blir sett på denne skulen, og lærarane bryr seg.

Ved sida av henne står klassekamerat Amali Nassar og på plakaten hennar står det «Friskular er viktig».

– Friskulen er viktig for alle bryr seg om deg. Om du blir mobba på ein offentleg skule, er det kanskje vanskeleg for lærarane å sjå det. På friskulen ser alle det med ei gong.

Demonstrasjon mot friskulekutt

Både ho og Landa Watson har gått frå offentleg skule til friskule. Også inspektør på skulen, Anne Pernille Nerseth har møtt opp på demonstrasjonen.

Friskoledemonstrasjon foran Stortinget

Frå demonstrasjonen ved Stortinget.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Eg synest det er fantastisk rørande å sjå så mange engasjerte folk. Det er ein utruleg viktig sak, og eg er takknemleg for kvar og ein av dei som har møtt opp i dag.

Ho er nøgd med beskjeden om at det kanskje ikkje blir kutt likevel.

– Det er heilt fantastisk, vi seier «Amen». Det er dette vi kjempar for. Vi kjempar mot å leggje ned skulen vår. Om det er mogleg å snu og fortsette som vi har gjort i mange år, er det heilt fantastisk.

– Me veit ikkje konkret kva denne meldinga betyr enno, men me veit at ho er villig til å sjå på det på nytt, seier dagleg leiar i KFskolen, Svein Bjarte Sårheim.

Onsdag ettermiddag var også han på plass for å demonstrere.

Smil og lettet stemning blant de frammøtte i Stavanger

Fleire hadde samla seg i Stavanger onsdag ettermiddag, for å protestere mot kutt i friskulen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Me er glade for denne meldinga, fordi me har lyst til å skape gode skular også for dei som har valt friskule. Då treng me gode og like rammer, seier Sårhem.

De samla dykk her for eit opprør, kva skjer no?

– No er me her for å seie tydeleg ifrå og vise det mangfaldet skulane våre er. Me gir foreldre eit val her i samfunnet.

Også i Bergen hadde det samlet seg et folkehav onsdag.

Også i Bergen hadde eit folkehav samla seg onsdag for å demonstrere mot forslag til friskulekutt.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Ikkje fornøgd

Regjeringa seier dei framleis vil fjerne det doble tilskotet som friskular med både barne- og ungdomstrinn har teke imot. I tillegg vil dei auke tilskotet på andre område for dei skulane.

Det blir også gjort betydelege endringar i det føreslåtte kuttet i statsbudsjettet for 2024.Det var VG som meldte om endringa først.

– Arbeidet vil føre til justeringar av tilskotet til privatskular, slik at den samla nedgangen i tilskot blir mindre enn det opphavlege anslaget på 515 millionar kroner, seier Nordtun.

Øystein Engås, rektor ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund, er ikkje fornøgd med det som kjem fram.

Rektor Øystein Engås ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund

Rektor Øystein Engås ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

– Regjeringa her inviterer til ein prosess, der dei sjølv på førehand har konkludert med at dei skal halde fram med akkurat det same kuttet dei hadde tenkt, seier rektoren.

Men de inviterer friskulane til ei arbeidsgruppe?

– Det er fint å vere med i ei arbeidsgruppe, men det er ikkje så fint når den som inviterer allereie har konkludert. Her tenker ein at «me vil ha det som me vil ha det uansett, og så inviterer me til ein sandpåstrøing». Sånn står fram det iallfall, seier Engås.

Han meiner det er på tide at friskulane får meir støtte til bygg, og at det er noko dei har bedt om å få i mange år.

– Dersom det blir kompenserer helt opp er det topp, men det er ikkje det som blir signalisert. Her blir det signalisert at det blir eit litt mindre kutt, enn dei 515 millionar kronene dei vil kutte kvart år.

Statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar i Kunnskapsdepartementet bekreftar at dei vil sjå på moglegheita for tilskot til skulebygg.

– Når me innleiar denne prosessen er det fordi me for eksempel vil sjå på moglegheita for tilskot til skulebygg for private skular, som desse skulane ikkje får noko særleg av i dag.

Positiv til dialog

– Eg står no framfor Stortinget, og her er det eit folkehav av ungar med plakatar.

Det fortel Margret Hagerup (H), stortingsrepresentant og medlem av utdanningskomiteen. Ho synst det er bra at kunnskapsministeren no har lytta til dei.

– Det er bra at dei vil gå i dialog med friskulane, men samstundes veit me jo ikkje kva som kjem til å komme. Det vil tida vise, seier ho.

Meiner du at friskulane må få behalde nøyaktig same tilskot som de har fått fram til i dag?

– Eg meiner at ein skal gå i dialog med friskulane og ha eit riktig samanlikningsgrunnlag med dei offentlege skulane. Så langt har ikkje regjeringa vore villig til å ta den dialogen, så det er bra at dette skjer no.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg