Hopp til innhold

Støre kuttar støtta til skulen barna hans gjekk på

Statsministeren har hatt både barn og barnebarn på Steinerskolen i Oslo. – Vi er skuffa over venstresida, seier rektoren ved skulen.

Jonas Gahr Støre på høstmarked på Steinerskolen

STØRE PÅ STEINERSKULEN: NRK filma Jonas Gahr Støre på haustmarknaden til Steinerskolen i Oslo i 2021.

Foto: NRK

– Dette er dramatisk. Vi har diskutert om vi må leggje ned ungdomsskulen. Ein annan konsekvens kan vere at vi må seie opp lærarar, seier rektor ved Rudolf Steinerskolen i Oslo, Petter Moen.

Rektor ved Steinerskolen i Oslo, Petter Moen.

Rektor ved Steinerskolen i Oslo, Petter Moen, spør seg om regjeringa vil friskulane til livs.

Foto: NRK

Han leier ein av rundt 150 skular som blir ramma av dei nye grepa til regjeringa overfor friskulane.

I statsbudsjettet blir det foreslått kutt på ein halv milliard. Innsparingane skal fasast inn over fem år. Rundt 50 millionar kroner blir kutta neste år.

Dette vil bety 4–5 millionar kroner mindre i støtte til oss, seier Moen.

Statsminister Jonas Gahr Støre har sjølv nytt godt av den alternative pedagogikken på skulen som ligg på Hovseter i Oslo.

Han og kona Marit Slagsvold har ikkje lagt skjul på at dei har sendt eigne barn dit. I dag har dei barnebarn på skulen.

– Friskulen til venstresida

Rektor Petter Moen reagerer på at regjeringa samtidig strammar grepet overfor friskulane.

Det er skuffande. Arbeidarpartiet har vorte så opptekne av ideologi at dei tenkjer at rausheit ikkje er så viktig. Dei satsar ofte på ungdom og likskap, men i dette tilfellet strammar dei grepet.

Moen legg ikkje skjul på at mange lærarar og foreldre ved Steinerskolen tradisjonelt har tilhøyrt den politiske venstresida.

No håpar han det har skjedd ein glipp.

Eg trur Støre vil oss vel og at han ikkje har fått med seg konsekvensane av denne endringa.

Elev ved Steinerskolen i Oslo

HANDVERK: Steinerskulen er oppteken av handverk, kunstfag og det å bruke handa framfor skjerm.

Han inviterer Støre til ein prat på skulen.

Han kan bli med tiandeklassingane som lagar smykke i smia eller småklassane inn i skulehagen vår. Så skal eg forklare han korleis kutta påverkar økonomien vår.

– Får for mykje i dag

Statsministerens kontor har takka nei til intervju og viser til Kunnskapsdepartementet.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap), seier dei meiner kombinerte barne- og ungdomsskular har fått for mykje i støtte fram til no.

– Private skular får eit ekstra tilskot for dei 42 første elevane. Då vi hadde ein gjennomgang av finansieringssystemet oppdaga vi at dei skulane som er kombinerte barne- og ungdomsskular har fått dette tilskotet to gongar. Det er ikkje i tråd med intensjonen.

Ifølgje KD er det fleire døme på friskular som får langt meir i støtte pr. elev enn offentlege skular.

Uhøyrt

Leiar i KrF, Olaug Bollestad, seier regjeringa bidreg til å svekkje foreldre sin valfridom.

Støre hadde høve til å velje, men kneblar samtidig andre foreldre sin rett til å velje skule til barna sine. Det er uhøyrt. Vi forventar at alle barn skal passe inn i den same forma i den offentlege skulen.

Olaug Vervik Bollestad (KrF) etter TV 2 sin partilederdebatt fra MCB i Bergen

KrF-leiar, Olaug Bollestad, fryktar for mangfaldet i skulen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Men er det rett at friskular skal få meir i støtte enn den offentlege skulen?

– Friskulane får ikkje meir. Dei får 85 prosent av det den offentlege skulen får, og resten må dei ta i skulepengar. Viss ein må velte meir over på foreldra, blir det klasseskilje.

– Kan bli nøydde til å leggje ned

Fleire stader i landet blir det meldt om bekymring for dei nye kutta.

– Vi roper ikkje ulv, ulv. Dette er ekte ulv for dei foreldra og elevane som får skulekvardagen raserte, seier rektor ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund, Øystein Engås.

Rektor Øystein Engås ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund

Rektor Øystein Engås ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han er sjokkert over kutta, og seier skulen med 169 elevar i verste fall må leggje ned.

Ingrid Kvam Steinshamn i FAU valde å busetje seg ved den kristne friskulen då ho flytta frå Bergen med familien sin. No er ho redd barna må finne ein annan skule.

– Vi er eigentleg berre veldig usikre på kva som skjer. Skal vi seie noko til ungane no? Skal vi byrje å planleggje at det vi har flytta hit for ikkje eksisterer lenger? Vi er fortvilt.

Kom dette som lyn frå klar himmel?

Ja, det gjorde det. Og vi lurer på om vi står overfor ein veldig kort og brutal prosess.

Undervisning i 4. og 5. klasse på Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund

Elevar ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Rektor, Øystein Engås, etterlyser ei konsekvensutgreiing.

– Vi har ingen plan B. Vi må få utsett dette forslaget, og vi må få organisasjonane våre med i samtalen om korleis dette skal finansierast. For det kan umogleg vere intensjonen at ein skal leggje ned 150 skuletilbod.

AKTUELT NÅ