Raudt satsar på to

Silje Alise Ness frå Sunndal blir partiet Raudt sin toppkandidat ved fylkestingsvalet til hausten. Raudt har aldri vore representert i fylkestinget i Møre og Romsdal, men har ambisjonar om å få inn to kandidatar ved neste val. Mattis Himo frå Kristiansund er partiet sin andrekandidat til fylkestingsvalet.