Hopp til innhold

Ras i Sunndal

Det har gått eit ras over fylkesveg 62 i Øksendal i Sunndal. Naudetatane er på veg til staden, melder politiet. Ifølgje brannvesenet er situasjonen uavklart, og raset skal ha gått i nærleiken av hus. Ifølgje Aura Avis er ein person tatt av skredet, men har kome seg ut for eiga hand. Rasstaden er på hovudvegen mellom Molde og Sunndalsøra. Vegen er stengd.

Det har gått eit ras over fylkesveg 62 i Øksendal i Sunndal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL