Ingen pågripne
Kvinna bur åleine, men fekk likevel varsla pårørande om det som hadde skjedd. Politiet rykte ut, men har enno ikkje pågripe nokon.
Innbrotet skjedde i tre-tida natt til onsdag, seier politiadvokat Åge Gustad.
Politiadvokat Åge Gustad.
Alvorleg sak
Mannen som braut seg inn både truga og slo kvinna. Han var væpna med hagle og skal også ha teke med seg verdigjenstandar, opplyser Gustad. Kvinna skal ikkje ha fått alvorlege skadar.
Verdien av gjenstandane ranaren tok med seg er ikkje klarlagt, men han har teke med seg eit pengebeløp.
Gustad seier dette er ei alvorleg sak, og lensmannskontoret på Averøya etterforskar med dei ressursane som er tilgjengelege.
Politiet har granska åstaden i heile dag. (Foto: Roar Strøm)
Rundspørjing
Onsdag arbeidde mannskap frå Lensmannskontoret i Averøy og Frei med åstadsgransking. Politiet driv også med runspørjing i nabolaget til kvinna på Sveggen i Averøy i tillegg til vitneavhøyr.
Politiet veit framleis ikkje kven gjerningsmannen er, opplyser Åge Gustad. Han stadfestar at mannen var væpna under ranet, men vil ikkje spekulere i om han er farleg.
–Enkeltståande
Gustad seier han vel å sjå på det som har skjedd som eit enkeltståande tilfelle.
–Det er heldigvis slik at det er sjeldan vi har slike tilfelle her i distriktet, seier Gustad.