Hopp til innhold

Clara har løysinga når ho får uventa gåve på døra

Blir du stressa når naboen kjem med julegåve og du ikkje har kjøpt? Psykolog meiner vi må øve oss på å ta imot utan å gi tilbake.

Clara Strømmgjerde-Aarseth med julegåve

Clara Strømmgjerde-Aarseth i Sykkylven har gåver på lur dersom nokon ringer på døra.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Ding-dong. Det ringjer på døra. Utanfor står naboen med ein lekker pose med godsaker.

Kva seier du då? Tusen takk? Eller kjenner du rødmen stige og skrollar panisk gjennom hovudet for å finne ut om du har ein sjokolade liggande eller ei uopna vinflaske?

– Det kjem stort sett nokon på døra kvar jul, og det er nye kvart år, seier Clara Strømmgjerde-Aarseth i Sykkylven og ler.

Trebarnsmora blir slett ikkje stressa. Ho er budd på slike situasjonar året rundt. Ho har nemleg fylt opp eit lite lager med gåver som kan passe til både store og små, både til jul og bursdagsgåver.

Lageret inneheld alt frå teiknesaker og lego, til hudkremar, gåvekort og stearinlys. Gåvene til dei nærmaste er sjølvsagt både personlege og planlagde.

– Eg brukar å unnskylde meg med at vi er litt seint ute og at eg ikkje har rukke å pakke inn gåva. Den kjøper alle, smiler Strømmgjerde-Aarseth . Ho set stor pris på dei som ringer på og likar godt å gi gåver tilbake, men føler seg slett ikke eit press.

Clara Strømmgjerde-Aarseth har eit lager av julegåver

For Trebarnsmora Clara er det viktig å kjøpe personlege gåver til nære og kjære. Ho har også fine ekstragåver liggande. Her saman med dottera Mathea.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

– Øv på å ta imot

Psykolog Line Marie Warholm

Psykolog Line Marie Warholm seier at vaksne bør øve seg på å ikkje alltid gjengjelde ei gåve.

Foto: Astrid Waller

Ikkje alle er så planlagde at dei har eit lager av gåver. Psykolog Line Marie Warholm meiner vaksne bør tole å få ei gåve utan å gi ei tilbake.

– Vi vaksne kan øve oss på å tole denne ubalansen og at det ikkje må vere heilt rettferdig heile tida, seier Warholm.

Ho meiner at det å springe på butikken og kjøpe ei gåve i panikken kan vere kleint og at det kan vere betre å la det vere.

– For nokon kan det å kjøpe ei panikkgåve gjenopprette balansen, men uansett er ein i ein vanskeleg situasjon. Spørsmålet er om det blir mindre pinleg å kome med ei gåve dagen etterpå, seier Warholm.

Slutta med overraskingar

Ingun Alver er ei av dei som har kjent på kor vanskeleg folk synest det er å få ei overraskande julegåve. Ho elskar å kjøpe gåver til andre, men oppdaga at slett ikkje alle blei like begeistra. Tvert om.

– Folk synest det er ubehageleg å få ein uventa pakke på døra. Fordi folk får panikk når eg kjem med gåve utan at det er avtalt, har eg avgrensa meg veldig. Eg likar ikkje å gjere folk ukomfortabel, seier Alver.

Ingun Alver

Ingun Alver elskar å kjøpe gåver til andre, men oppdaga at enkelte får panikk dersom det ikkje er avtalt. I år har ho fått uventa gåver frå andre.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Fekk sjølv uventa gåve

Denne jula er det ho sjølv som har blitt overraska. Ho har fått julegåver frå uventa personar utan å stå klar med gåve i retur.

Ho drar slett ikkje på panikkhandel av den grunn og har heller ikkje noko liggande på eit lager.

– Eg føler at eg må gjere igjen på eit eller anna vis. Gi ei god teneste tilbake ein gong seinare, seier Alver.

LES OGSÅ: