Hopp til innhold

Stadig fleire nordmenn vil gjerne få brukte julegåver – også Anita og Arabella

Ei ny undersøking syner at dei aller fleste nordmenn ikkje har noko imot å få brukte julegåver.

Anita Iris (7, men blir 8 i februar!) og Arabella Iselin (4)

Anita Iris (7, men blir 8 i februar!) og Arabella Iselin (4) har ikkje noko imot å få brukte julegåver, «so lenge det ikkje er sprekkar i dei».

Foto: Elise Malmberg / NRK

Om nokre veker sit mange av oss med familien og pakkar opp presangar.

Men tenkjer du over om den jakka du fekk frå tante, den kokeboka frå bror din eller sykkelhjelmen frå ho kollegaen du pendlar med – kan vere brukt?

Og betyr det eigentleg noko om du får ei brukt julegåve?

Ei undersøking Norstat har gjort for NRK syner at tre av fire nordmenn ikkje har noko i mot å få brukte julegåver.

45 prosent av oss, altso nærare halvparten, hadde blitt nøgd eller svært nøgd med å få noko brukt under treet.

Det er fleire enn ei liknande undersøking gjort i 2019.

Ville du blitt glad for å få brukte julegåver?

Vil gjerne både gje og få

– Eg tykkjer det er ein fin ting å gje og ein veldig fin ting å få, seier Kaja Raa Storaker.

Ho har, som nordmenn flest, ikkje noko imot å få brukte julegåver. Ho ynskjer også å sjølv gje bort brukte gåver i år.

– Eg kan ikkje kome på at nokon har reagert negativt på å få noko som har vore brukt av nokon andre, seier Storaker.

Inne på bruktbutikken der ho leitar etter gåver finn ho både fleire plagg som framleis har lappen på og plagg som ser heimestrikka ut.

– I desse plagga er det jo so mykje restvarme som kan få leve vidare, og då tykkjer eg det er ekstra hyggeleg å gje, seier ho og plukkar ut ein genser til syster si.

Kaja Raa Storaker

Kaja Raa Storaker er veldig glad i ull, og hadde ikkje hatt noko imot å sjølv få denne brukte genseren under juletreet i år.

Foto: Elise Malmberg / NRK

Menn skeptiske til klimaomsyn

I undersøkinga til Norstat vart det også spurt om ein ville vore meir eller mindre nøgd om den brukte gåva var gjeven av eit klart klimaomsyn.

I alt ville 47 prosent av nordmenn blitt litt eller klart meir nøgd med ei gåve gjeven av omsyn til klimaet.

Men éin av ti menn hadde blitt klart mindre nøgd med slik ei gåve. 3 prosent av kvinnene svarte det same.

Undersøkinga syner at menn, generelt sett, har meir imot å få brukte gåver enn kvinner, noko som spesielt syner seg om gåva var gjeven av omsyn til klimaet.

– Sei aktivt ifrå

– Sjølv om folk flest seier dei er positive til å motta ei brukt julegåve, er det mange som kanskje tykkjer det er litt vanskelegare å gje slike gåver, seier Anja Bakken Riise.

Ho er leiar i Fremtiden i våre hender, ein av Noregs største miljøorganisasjonar.

Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender

Leiaren i Fremtiden i våre hender seier det er kjempepositive nyheiter at nordmenn flest tykkjer det er heilt greitt å få brukte julegåver.

Foto: Terese Samuelsen

– Det handlar nok om at vi er redd for at andre ikkje skal tykkje ei brukt julegåve er like fin som ei ny, seier Riise.

Ho meiner at noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere miljøavtrykket av julehandelen er å kjøpe og gje bort brukte julegåver.

– Sei aktivt ifrå til dei rundt deg at du gjerne tek imot ei brukt julegåve, for då vert det mykje enklare å gje det også, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland