Protesterer mot sjukehuskutt

I dag klokka 13.00 blir det arrangert ei markering i Kristiansund for å protestere mot kutta i Helse Møre og Romsdal. Helseføretaket må spare 131 millionar kroner i år og foreslår å kutte i fleire tilbod for å klare innsparinga. Protestaksjonen «Nei til helsekutt. Ja til nærhet, føde og akutt» blir starta med eit tog som skal gå opp til sjukehuset i Kristiansund, der det vil bli heldt ulike appellar.

Demonstrasjon i Kristiansund mot kutt i Helse Møre og Romsdal
Foto: Eirik Haukenes / NRK