– Det er skandaløst å kome med eit slikt forslag!
Ordføraren i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp) er blant dei mange som er forarga over høyringsforslaget til samferdselsavdelinga i fylkeskommunen. Lien og dei andre medlemmane i Romsdal Regionråd protesterer høglydt mot planane om å redusere eller leggje ned Molde-Vestnes-Vikebukt-ruta neste år.
Populær pendlarrute
Oppimot 700 daglege pendlarar på sambandet over Romsdalsfjorden. Lien meiner difor at det er ein svært dårleg idé å leggje ned ruta.
– Om ein må flytte alle pendlarane over på ferja, vil kapasiteten bli sprengt. Kapasiteten er dessutan dårleg nok som han er, meiner han.
Spesielt ille synest han det er at ei nedlegging vil kunne gå ut over skuleelevar.
– Det er mange ungdommar som brukar ruta. Blant anna vil elevar på Gjermunes og Molde vidaregåande bli ramma. Det er ikkje heldig, seier han.
– Rammar arbeidsregionen
Ved å leggje ned rutetilbodet, fryktar Lien at det vil få alvorlege konsekvensar for arbeidsregionen.
– Fylkeskommunen snakkar om kor viktig det er at Vestnes høyrer til Molde. Men eit forslag som dette vil slå føtene under arbeidsregionen, seier han og legg til at reaksjonane har ikkje latt vente på seg pendlarar i mellom anna Stordal, Haram og Rauma.
– Stor ulempe
Når Tresfjordbrua og Møreaksen kjem, vil også ferjetilbodet over Romsdalsfjorden forsvinne. Romsdalskommunenene på begge sider av fjorden, vil derfor stå utan eit offentleg skysstilbod dersom hurtigbåtsambandet vet lagt ned. Det uroar raumaordførar Lars Olav Hustad (H).
– Vi har mange frå Måndalen, Innfjorden, Vågstranda som nyttar seg av ruta kvar dag frå Vikebukt. Då slepp dei å reise til Vestnes, noko som kan bli ei stor ulempe dersom dei må det når Tresfjordbrua kjem, seier han.
- Les også:
- Les også:
Raumaordføraren synest forslaget ikkje heng på greip med visjonane fylket har for regionen.
– I desse tider når det er så mykje snakk om å slå saman kommunar, så er det viktig å byggje saman arbeidsmarknaden – og ikkje byggje ned.