Hopp til innhold

– Moglegheitene er enorme, men vi må jobbe raskt og effektivt

Bru over Tresfjorden, tunnel mellom Vågstranda og Måndalen, samt planlagt fastlandsamband over Romsdalsfjorden: Vestnes kan bli knutepunkt, og moglegheiter og tilbod ligg klart på eit sølvfat.

Vestnes

Vegkryss i dag, knutepunkt, yrande næringsliv og mange nybyggarar om nokre år?

Foto: Trond Vestre / NRK

Jørgen Amdam

Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging, meiner Vestnes no har moglegheitene framfor seg.

– Om kommunen legg til rette, med bustadområde av høg kvalitet og betre pris enn i byområdet. Ja, då vil ein del velje å busetje seg der. Faktisk har vi sett det både på Sjøholt og på Vestnes allereie, der familiar med éin arbeidande i Ålesund og den andre i Molde.

Det seier Jøgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda. Han meiner Vestnes no har store moglegheiter.

– Med Møreaksen vil det å busetje seg i Vestnes bli langt meir interessant, meiner Amdam.

For moglegheitene er der. I dag tek det tid å pendle frå Vestnes. Vel 55 minutt til Ålesund, vel 35 minutt til Molde. Det kan vere totalt annleis om berre 10 år.

– Ein får mykje mindre reisetid, og då får det sjølvsagt regionale verknader. Men trafikken vil nok ikkje auke enormt med alle dei planlagte utbygginga. For regionen blir ikkje utvida i så stor grad, påpeiker Amdam.

Eva Langstein

Eva Langstein i Vestnes Næringsforum meiner det må satsast kjapt og godt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Næringslivet: – Det må satsast raskt!

I Vestnes ser dei moglegheitene forkorta reisetid kan få. Eva Langstein, styreleiar i Vestnes Næringsforum, meiner ting må skje kjapt.

– Eg er litt utolmodig. Det må til for å skape framdrift, for no har vi utelukkande moglegheiter, smiler ho.

Ho seier nok bustadar og areal blir ein nøkkel.

– Det er heilt avgjerande for at folk skal etablere seg. Det hastar litt, men alt må nok gjennom dei rette prosessane.

– Men vi må jobbe raskt, godt og effektivt, meiner ei engasjert Langstein.

(Saka held fram under bildet)

Geir Inge Lien

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien, meiner tomter og areal må ligge klart for dei som vil ha.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordføraren jobbar for at alt skal ligge klart

Geir Inge Lien, Senterparti-ordføraren i Vestnes kommune, fortel at pågangen etter areal er enorm.

– Vi merkar det godt. Folk vil etablere seg i Vestnes, og næringsareal er etterspurt konstant.

Han fortel at ønskja varierer veldig.

– Folk vil ha det på sin måte, og dei vil ha det no. Nokon vil ha areal ved sjøen, nokon langs Europavegen.

– Etterspurt areal har vi ikkje til ei kvar tid, men det ligge klart. Slik at når bedrifter og folk kjem så kan vi seie: «Her ligg tomta di!», nikkar ordføraren.

2015 skal del éin vere klar

Brua over Tresfjorden skal etter planen vere klar sommaren 2015, der vegar og risikoen vil minke i høg grad. Tunnelen mellom Vågstranda og Måndalen skal etter planen vere klar rundt årsskiftet 2014–15. Éin av dei som har kjempa i mange herrens år for brua er Torgeir Stene.

– I dag ligg Vikebukt, der brua går frå eine sida, langt, langt unna Vestnes sin kommuneadministrasjon. No vil det bli to i staden for 20 kilometer.

Ein del folk har vore redde for Tresfjorden – som ikkje blir køyrt gjennom på same måte lenger.

– Tresfjorden vil ikkje enda i bakevja, etter mitt syn. Dei har sagt seg litt engstelege, men slik eg ser så bør dette sjåast på som ei positiv utfordring.

– Dei har stort areal, og eg meiner turisme kan bli framtida til Tresfjord, avsluttar Stene.

Den andre delen som kan (og vil) gjere Vestnes til eit knutepunkt er Møreaksen. Det er ikkje klart når vegen frå Molde til Ålesund, med bru, undersjøisk tunnel og nye vegar, skal stå klar, men planen ligg der.

Vestnes sentrum

Næringsliv er godt representert i Vestnes allereie, men alt ligg til rette for fleire menneske og ekspansjon.

Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no