Protestar også i dag

Også i dag har vindkraftaksjonistane på Haramsøya vist sin motstand. Dei har mellom anna demonstrert på ferjekaia på Haramsøya og prøvd å hindre trafikken, fortel politibetjent Erik Knutsen. Politiet er på plass for å følgje situasjonen. – Vi er opptatt av å ha ein god dialog med demonstrantane. Det er mykje frustrasjon og kjensler og vi veit at dette er ei fanesak for veldig mange her ute. Men alt i alt oppfører folk seg bra, seier Knutsen. I dag har det kome fem bilar med utstyr til det planlagde vindkraftanlegget på øya. Utbyggar Zephyr meiner dette er ulovlege aksjonar.

Bilistar sperrar vegen for lastebil med utstyr til vindturbinar på Haramsøya
Foto: Tore Ellingseter / NRK