Hopp til innhold

Tre av søskena får ikkje erstatning etter tiår med mishandling

Etter mange rundar i retten er det bestemt: to av dei fem søskena får erstatning for at kommunen ikkje greip nok inn då dei vart mishandla som barn på 60-, 70- og 80-talet.

Margareth Øvrelid vert rørt under Øvrelid-saka sin siste dag i lagmannsretten. Ho sit ved sidan av bror sin Egil med papir og mikrofonar framfor seg. Ho har på seg ei raud skjorte og har blondt, kort og krølla hår. Ho gøymer andletet i eine handa, og det kan sjå ut til at ho gret. I bakgrunnen ser vi systera Linda Vikene Strand reagere likt.

Margareth Øvrelid og søskena i rettssalen under rettssaka sin siste dag i Frostating lagmannsrett like før jul 2022. Til venstre broren Egil Øvrelid og bak veslesøster Linda Vikene Strand.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Sveinung Vikene sit i ein rettssal. Han har på seg ei korterma, blå- og kvitrutete skorte og briller. Han har grått hår. Ved sidan av sit systera Hilde-Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand, ute av fokus. Båe kvinnene har papir og lener hovudet i hendene.

Sveinung Vikene, Hilde-Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand i rettssaka sin siste dag før jul 2022.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Øvrelid-søskena under rettsaken i lagmannsretten. Fremst sit Egil og Margareth Øvrelid og bak er Sveinung Vikene, Hilde-Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand. Egil er i fokus der han sit med ein grå strikkagensar, grått hår og briller. Han noterer på eit papir medan dei andre søskena føl med på det som skjer i rettssalen.

Då Øvrelidsøskena møtte advokaten sin for å ta opp saka i 2018, var det første gong på over 40 år at dei alle var samla. No har rettssakene samla dei ved fleire høve.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Søskenflokken frå Søre Sunnmøre har fortalt om ein barndom med omfattande mishandling i fleire tiår. Dei meiner kommunane dei budde i burde ha gripe meir inn.

No er dommen klar: To søsken får erstatning frå kommunane som var deira heimstad då dei og mor deira vart mishandla av faren i huset.

Dei tre andre får ikkje.

Dermed har den årelange rettsstriden i Øvrelid-saka endeleg fått eit punktum. Eller har den det?

Linda Vikene Strand sit med eit papir og tørker seg i auga under rettssaka. Ho sit ved eit bord saman med søskena Sveinung Vikene og Hilde-Kristin Korsnes, som er ute av fokus i biletet. Linda har ei grå skjorte på seg og brunt hår i ein hestehale. Ho ser ut til å vere berørt av kva som vert diskutert i salen.

Sveinung Vikene, Hilde-Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand sat på benken bak advokaten sin då saka gjekk for Frostating lagmannsrett første gong.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Egil Øvrelid sit i ein rettssal saman med søskena. Vi ser Margareth Øverlid, Hilde-Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand. Egil har på seg ein grå strikkagensar og har grått hår og bart. Han sit og ser opp mot dommarane.

Egil og Margareth Øverlid er dei som har prata mest offentleg om rettssaka og det som hende med søskena i oppveksten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Tre får ikkje erstatning

Dommen, som er einstemmig, kom frå Frostating lagmannsrett torsdag, om lag ein månad på overtid.

Ulstein kommune vart frifunnen i tvisten mot Sveinung Vikene, Margareth Øvrelid og Egil Øvrelid.

Det var eit sjokk, og eg føler det som eit hån, seier Egil Øvrelid.

– Kvifor det?

Fordi at du brukar så lang tid på å kome fram til noko så gale som å seie at dette er heilt innafor minstestandarden til barnevernet på den tida. Det er veldig, veldig gale, meiner Egil Øvrelid.

Med så mykje som vi har gått gjennom heile livet, og at dommen skulle seie at vi ikkje skulle få ei lita erstatning eller oppreising ein gong, det synest eg er veldig skuffande, seier Margareth Øvrelid til NRK.

Både Ulstein og Hareid vart dømde til å betale erstatning til Linda Vikene Strand og til Hilde-Kristin Korsnes. Dei skal få 2.229.540 og 1.783.632 kroner respektivt.

Kommunane vart også dømde til å betale sakskostnadane dei to søstrene har hatt for tingretten, lagmannsretten og Høgsterett, 1.429.103 kroner.

Advokat Tonje Lilaas Larsen varslar at saka vil bli anka for dei tre søskena som ikkje får erstatning.

Advokat Tonje Lilaas Larsen sit med svart advokatkappe på ein benk i ein rettssal. Ved sidan av sit advokatkollega Mette Yvonne Larsen og klient Margareth Øvrelid. Larsen har ei klype i håret og briller. Ho held seg til haka medan ho ser ned på ein skjerm foran seg.

Advokat Tonje Lilaas Larsen varslar at delar av dommen vil verte anka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mellom anna meiner retten at dei psykiske skadane dei fem søskena fekk etter mishandlinga i barndommen, slår ulikt ut hjå søskena:

Lagmannsretten har kommet til at det ikke foreligger tilstrekkelig rettslig årsakssammenheng mellom kommunenes unnlatelser og skadene på Sveinung, Margareth og Egil, mens det foreligger tilstrekkelig rettslig årsakssammenheng for Linda og Hilde-Kristin.

Frostating lagmannsrett

Advokaten seier dei likevel er nøgde med at dei to yngste får medhald.

– Vi er også nøgde med at lagmannsretten konstaterer at kommunane har vore aktlause og at det var uforsvarleg å ikkje setje inn ytterlegare tiltak, seier Larsen.

«Dagane gjekk bokstaveleg talt slag i slag»

Alle dei fem søskena frå Øvrelid-familien har hatt store problem gjennom livet som følgje av oppveksten sin. Dei har alle teikn på kompleks posttraumatisk stressliding, ifølgje sakkunnige i retten.

Fire av søskena er uføretrygda og den femte er sjukemeld og har søkt om trygd.

Far deira var, ifølgje søskena og dokumentasjonen lagt fram i retten, psykisk sjuk. Han hadde alkoholisme og var valdeleg mot både barna, kona og dyr på garden.

«Dagane gjekk bokstaveleg talt slag i slag», som Egil Øvrelid tidlegare har fortalt Sunnmørsposten.

Egil vart ein gong banka so hardt at han frykta faren ville drepe han. Han kom seg unna og gøymde seg fleire døgn i utmarka under ein stein.

Margareth har fortald den same avisa at ho trur at far hennar misbrukte henne seksuelt etter å ha dopa ho ned med medisin han fekk med seg etter å ha vore innlagt på psykiatrisk sjukehus.

Utanom valden er barndommen til søskena prega av lite mat og klede, ein heim utan varmt vatn, dødstruslar frå faren og ei mor som stadig vart banka.

Søskena meiner kommunane dei budde i, Hareid og Ulstein, kjende til forholda dei levde under, men at kommunane ikkje gjorde nok for å ta vare på dei.

Då erstatningssaka tok til i lagmannsretten, bad dei om å få nær 90 millionar kroner.

Egil Øvrelid sit på benken i ein rettssal. Ved sidan av han sit søster Margareth Øvrelid. Framfor seg har dei papir og hefter med dokument, samt mikrofonar og kvite plastglas med vatn. Foran dei, ute av fokus i biletet, ser vi tre av dei fem dommarane -- alle i svarte kapper med riksvåpenet hengane på deggen bak seg.

Egil Øvrelid og dei andre søskena vitna framfor lagdommarane om korleis barndomen deira var og kor mykje dei trur kommunen visste om tilhøva deira. Lars Magnus Bergh var hovuddommar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire rundar i retten

Øvrelid-saka har vore fram og attende i rettssalane:

Hareid radhus i Hareid. Vi ser det blå og kvite kommunevåpenet og eit skilt med Hareid over inngangen til eit grått bygg med mange vindauge. I framgrunnen av biletet er nokre grøne busker. Himmelen er overskya og grå.

Søskena saksøker kommunane

I 2018 saksøkte søskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.

Ein advokat står i ein rettssal og held framlegg. Vi ser over skulderen på advokaten som er kledd i svart og er ute av fokus mot riksvåpenet som heng på veggen over der det sit ein dommar ute av syne.

Er saka forelda?

Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om den var forelda eller ikkje, altso at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne sei noko om det.

Ålesund tinghus

Ja!

I oktober 2020 kom dei fram til at den var forelda, og ville ikkje behandle den.

Øvrelid-søskena anka avgjerda til lagmannsretten.

Vi ser ein talebenk i ein rettssal. På bordet står ein skjerm med nokre dokument oppe. Dei er ute av fokus slik at ein ikkje ser kva som står der. Der er også ein lang mikrofon med eit raudt lys som indikerer at eit opptak vert gjort. Der ligg eit nettbrett nokre dokument og tørkepapir på bordet.

Ikkje forelda likevel

Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at søskena dermed kunne fremje erstatningskravet sitt til kommunane.

Noregs Høgsterett

Høgsterett sa nei

Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa nei til å behandle anka, fordi saka ikkje var prinsipiell nok.

Øvrelidsøskena under rettssaka i lagmannsretten. Fremst sit Egil og Margareth Øvrelid og bak er Sveinung Vikene Hilde Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand. Egil er i fokus der han sit med ein grå strikkagensar grått hår og briller. Han noterer på eit papir medan dei andre søskena føl med på det som skjer i rettssalen.

Ei full rettssak

Dermed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.

Hovuddommar i Øvrelid-saka Lars Magnus Bergh sit på dommarstolen i ein rettssal. Han sit i svart kappe under riksvåpenet som heng på veggen. I forgrunnen, ute av fokus, står advokat Mette Yvonne Larsen på talarstolen bøygd over ei datamaskin. Dommar Bergh ser på advokaten.
Josef Benoni Ness Tveit

Dom i lagmannsretten

Dommen i Frostating lagmannsrett kom i mars 2023: Dei to yngste søskena fekk erstatning frå kommunane. Dei tre eldste fekk ikkje erstatning. Avgjerda blei anka til Høgsterett.

Ein rettssal full av folk. På eine benken, til venstre, sit to privatpersonar og to advokatar med papir og datamaskiner framfor seg. Lengst inne i rommet, under riksvåpenet som heng på veggen, sit fem dommarar i høge stolar. I talarboksen midt i salen står Terje Marthinsen i advokatkappe og snakkar. På andre sida, bak ein benk, sit tre-fire andre advokatar og politikarar.
Josef Benoni Ness Tveit

Opphevar dommen

I september 2023 blei det kjent at Høgsterett opphevar heile dommen frå lagmannsretten for dei tre eldste søskena. Dei får dermed opp saka si til ny behandling i Frostating lagmannsrett i mars og april 2024.

Det vart sett av åtte dagar i Frostating lagmannsrett i desember 2022 til å behandle det sivile søksmålet. Hovuddommar Lars Magnus Bergh lyttar til eit framlegg frå advokat Mette Yvonne Larsen på retten sin siste dag.

Tonje Lilaas Larsen sit i ein rettssal saman med Mette Yvonne Larsen og Margareth Øvrelid. Båe advokatane har på seg svarte kapper og sit og føl med på det som vert sagt i salen.

Advokat Tonje Lilaas Larsen la i retten fram argument for at Øvrelidsaka kunne vere aktuell for Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Må sjå på dommen

Advokat for Ulstein, Terje Marthinsen, seier til NRK at han og kommunen forstår at Øvrelid-søskena har hatt ein tung oppvekst og at historiene som kom fram i retten var sterke.

– Dette er likevel ei erstatningssak, og kommunen meinte at dei erstatningsmessige krava ikkje var oppfylte i denne saka, seier Marthinsen

At to av søskena vart tildelt erstatning av retten, gjer at dei vil sjå grundig på avgjerda.

– Det gjer at vi må setje oss grundig inn i dommen og sjå kva resonnementa er, so må vi ta det derifrå, seier advokaten.

Hareid kommune sin advokat, Sverre Larhammer, seier til NRK at dei tek dommen til vitande, og at dei vidare vil studere avgjerda og snakke med kommunen sitt forsikringsselskap om vegen vidare.

Advokat Terje Marthinsen reiser seg frå plassen sin i rettssalen. Han har eit raudt slips under ei svart kappe som han knepper att. Marthinsen har briller og ser konsentrert ned i bordet.

Terje Marthinsen har representert fleire kommunar i Noreg i andre erstatningssaker tidlegare. Han har vore oppteken av at ein må bruke samtidskunnskap, ikkje etterpåklokskap, når ein vurderer om kommunane gjorde nok for søskena for fleire tiår sidan.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Advokat Sverre Larhammer står og pratar med ei kvinne som står med ryggen til. Han er skalla, har ei kvit skjorte og eit rødt slips. I handa held han ei svart kappe.

Sverre Larhammer representerer Hareid kommune i saka. Han meiner Hareid var raske til å setje i gang tiltak, mellom anna å leite etter fosterheim for dei to yngste syskena. Kommunen er ikkje einige med saksøkjarane om erstatningsansvaret.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ulsteinordførar Knut Erik Engh sit på ein benk i rettssalen. Han har på seg ei lyseblå skjorte under gensaren. Han har skjegg, kort hår og briller. Han snur seg mot advokat Øystein Vartdal Riise, som sit ved sidan av i ei svart kappe. Bak sit advokat Reidar Andresen.

Ulsteinordførar Knut Erik Engh (Frp) pratar med rettsleg medhjelpar Øystein Vartdal Riise, som representerer Ulstein saman med kollega Reidar Andresen (t.v.). Frå rettssaka sin siste dag før jul.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Meiner dei gjorde alt dei kunne

Hareid og Ulstein kommune har heile tida meint at det som hende med Øvrelid-søskena er leit, men at kommunen gjorde alt dei kunne ut ifrå informasjonen dei hadde på den tida.

I Ulstein-advokat Terje Marthinsen sine avsluttande framlegg for retten peika han på tilsyna som vart gjort på Øvrelid-familien sin gard då ungane var små.

Han stilte spørsmål om der var dokumentert tilhøve og hendingar som førte til at barnevernet eller kommunen på denne tida burde ha gripe inn.

Eit gjennomgåande argument for kommunane er at barnevernet og sosialtenestene fungerte på ein annan måte før, og at terskelen for å ta barn vekk frå foreldra var, og er, svært høg.

Dei meiner at kommunane gjorde nok etter dåtidas standard og etter kva dei visste.

Søskena sin advokat på si side seier at det at det manglar dokumentasjon på dei tilhøva barna var i er nett det som er problemet – spørsmålet er ikkje kva staten visste, men kva staten burde visst og skjønt om tilhøva til barna.

Ein rettssal full av folk. På eine benken, til venstre, sit to privatpersonar og to advokatar med papir og datamaskiner foran seg. Lengst inne i rommet, under riksvåpenet som heng på veggen, sit fem dommarar i høge stolar. I talarboksen midt i salen står Terje Marthinsen i advokatkappe og snakkar. På andre sida, bak ein benk, sit tre-fire andre advokatar og politikarar.

Barndomsåra til dei fem søskena og korleis kommuneadministrasjonen arbeidde vart grundig gjennomgått i rettssalen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vart ikkje samde om forlik

Den siste runden i lagmannsretten var prega av at partane ikkje kunne einast om noko kompromiss.

I starten av rettssaka kravde Mette Yvonne Larsen om nær 90 millionar kroner til saman i erstatning til søskena. Undervegs i rettssakas åtte dagar sokk den summen til ti millionar.

Fleire gongar undervegs i retten har begge partar forsøkt å føreslå forlik. Lagdommarane oppmoda sterkt til at dei skulle verte einige, og kom ved eitt høve med konkrete forslag om erstatningssummar.

Dei siste forslaga før rettssaka var over var på to millionar for kvar av søskena frå Larsen. Kommunane tilbydde 669.000 til kvar av dei. Partane vart ikkje einige om nokon avtale.

Mette Yvonne Larsen står på talarstolen i rettssalen. Ho har på seg ei svart kappe med kvit krage og har kort, mørkt hår. Ho les nokre papir ho har i hendene. Ho har ein dataskjerm foran seg og eit lerret på veggen bak seg der resten av retten ser på nokre digitale dokument.

Mette Yvonne Larsen, som representerer søskena, prøve i fleire omgangar å føreslå forlik, men ville ikkje møte det kommunane tilbaud.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vert det fleire rettsrundar?

Både Øvrelid-søskena og kommunane dei saksøkte har anka i saka tidlegare. Trass i at det var oppe til Høgsterett tidlegare, handla det då om foreldingsspørsmålet.

Difor kan saka hamne hjå Høgsterett på nytt. Advokatane for dei tre som ikkje får erstatning har varsla at dei vil anke.

Det er i tillegg mogleg at saka kjem for Den europeiske menneskerettsdomstolen, noko som kan skje etter at Høgsterett eventuelt har behandla saka.

Nærbilete av ei notatbok med nokre briller som ligg oppå. Notata er uklåre, slik at det einaste ein ser er datoen som er på toppen av arket: 21.12.22.

Vert 21.12.22 den siste datoen for Øvrelid-saka i rettssystemet, eller vert det fleire?

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Denne artikkelen er delvis basert på journalistikk frå Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten som har følgd Øvrelid-saka i fleire år.