Politikarane i Ulstein og Hareid har bestemt at kommunane ikkje skal anke Øvrelid-dommen til høgsterett. Det blei bestemt på kommunestyremøtet i Ulstein og på eit ekstraordinært formannskapsmøtet i Hareid i går kveld. Avstemminga var samrøysta i begge organ.
– Sjølv om det er deler av dommen vi ikkje er einige i, så har vi fått svar på kva kommunen blir kritisert for, kva vi burde ha gjort, og kva konsekvensar saka har fått. Vi meiner det er rett å avslutte saka no, seier ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh.
Ulsteinordførar Knut Erik Engh (Frp) pratar med rettsleg medhjelpar Øystein Vartdal Riise, som representerte Ulstein saman med kollega Reidar Andresen (til venstre). Frå rettssaka sin siste dag før jul.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Innser at dei har eit ansvar
Hareid og Ulstein kommune blei i Frostating lagmannsrett dømt til å betale erstatning på til saman rundt fire millionar kroner til dei to yngste Øvrelid-søskena. Søskena får erstatning for at kommunen ikkje greip nok inn då dei blei mishandla som barn på 60-, 70- og 80-talet.
Kommunane vart også dømde til å betale sakskostnadene dei to søskena har hatt for tingretten, lagmannsretten og Høgsterett, 1.429.103 kroner.
No kan dommen bli rettskraftig.
–Vi er glade for at kommunane omsider innser at dei har eit ansvar for skadane som søskena er påført, seier advokaten til søskena, Mette Yvonne Larsen.
Ifølgje Margareth Øvrelid, den nest eldste i søskenflokken, stiller søskena seg bak utsegnene til advokaten.
– Men dette kunne vore unngått om kommunen hadde handla fortare. Dei har erkjent at dei hadde skuld i dette for mange år sidan, men har motarbeidd oss likevel, seier Øvrelid.
Tre får ikkje erstatning og vil anke
Søskenflokken frå Søre Sunnmøre har fortalt om ein barndom med omfattande mishandling i fleire tiår. Retten meiner at dei psykiske skadane dei fem søskena fekk av dette, slår ulikt ut hjå søskena.
Dei tre søskena som ikkje fekk erstatning, og har varsla at dei vil anke.
– At kommunane ikkje anker forandrar ikkje vårt syn på at dommen skal ankes, seier Larsen.
– Det er ikkje det at vi vil ha så mykje i erstatning, men vi vil at dei som jobba i Hareid og Ulstein kommune då vi var små, skal få ein dom. Ingen skal måtte oppleve det vi gjorde, seier Øvrelid.
– Å byrje på igjen med denne prosessen blir forferdeleg. Men vi har venta og venta, og det er som om livet står stille inntil vi får ei avgjerd. Det er veldig slitsamt psykisk, seier Margareth Øvrelid, her avbilda i retten.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKMeiner dei gjorde alt dei kunne
Hareid og Ulstein kommune har heile tida meint at det som hende med Øvrelid-søskena er leit, men at kommunen gjorde alt dei kunne ut ifrå informasjonen dei hadde på den tida og etter dåtidas standard.
I forkant av møta i går hadde kommunedirektørane i begge kommunane fråråda politikarane å gå for å anke.
Vikebladet Vestposten gjenga deler av kommunedirektøren i Hareid si utgreiing av saka. Der står det at sjølv om kommunen meiner dommen tek feil på avgjerande punkt, er dei menneskelege kostnadene så store at Hareid kommune ikkje bør ta saka vidare.
– Kunne vore løyst for mange år sidan
Øvrelid-saka har vore fram og attende i rettssalane:
Søskena saksøker kommunane
I 2018 saksøkte søskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.
Er saka forelda?
Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om den var forelda eller ikkje, altso at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne sei noko om det.
Ja!
I oktober 2020 kom dei fram til at den var forelda, og ville ikkje behandle den.
Øvrelid-søskena anka avgjerda til lagmannsretten.
Ikkje forelda likevel
Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at søskena dimed kunne fremje erstatningskravet sitt til kommunane.
Høgsterett sa nei
Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa nei til å behandle anka, fordi saka ikkje var prinsipiell nok.
Ei full rettssak
Dimed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.
– Det som er synd, er at dette kunne vore løyst for mange år sidan slik dei slapp å gå gjennom alle dei rettssakene, seier Larsen.
– Det er godt for alle partar å sette punktum i denne saka. Det har vore ei svært vanskeleg sak for desse som har saksøkt kommunane, og også for dei tilsette i kommunen som har handsama saka. Det har gått innpå dei, seier Bernt Brandal, ordførar i Hareid.
– Kjensla av å ikkje bli teke på alvor er den same som då vi var små. Det er tungt. Når motparten seier at dei føler med oss, trur eg ikkje eit ord på det dei seier. Det er tullpreik, seier Øvrelid.