Promille i Volda og Haram

Ein mann i 30-åra blåste over lovleg verdi då han blei stoppa i ein promillekontroll i Volda. Saka blir meldt og politiet tok frå han førarkortet. I Haram var det også mistanke om promillekøyring, og ein mann i 20-åra blir framstilt for blodprøve. Også denne saka blir meldt og førarkortet beslaglagt.