Hopp til innhold

Må til ferjekai nummer tre etter dobbeltrøbbel

Ferjekai nummer éin trøblar, medan ferjekai nummer to har overnattingsgjestar. Dermed må ferja mellom Eidsdal og Linge heilt til Liabygda.

Fra Linge fergekai

Her er ferja på veg inn mot Linge ferjekai frå Eidsdal. Ein øydelagd ferjelem gjer oppgåva umogleg fredag kveld.

Foto: Monika Mahle Aarset

– Det er tekniske problem ved Linge ferjekai som gjer at sambandet trøblar, fortel Terje Selje Stokken.

Han er driftsvakt i Fjord1, og opplyser at det er ferjelemmen som er syndaren.

Dermed får ikkje bilferja mellom Eidsdal og Linge lagt til kai.

Kort alternativ, men ...

Problem for ferjer er ikkje eit nytt problem, men vanlegvis er løysinga enkel. Denne fredagen blei det dobbelt opp.

Ferja som eigentleg skal i land på Eidsdal er ikkje for mange kilometer frå Valldalen og ferjekaia der (sjå bildet nedst).

– Slik det ser ut no vil ruteproduksjon gå Eidsdal til Valldal ut dagen, avgang kvar halvtime, opplyste Selje Stokken i første omgang.

Det var derimot eitt stort problem.

Overnattingsgjestar

For ikkje lenge etter første prat med Fjord1 ringde Selje Stokken opp igjen.

– Der er visst ei utfordring som vi ikkje var kjende med. Vi har ei ferje som overnattar på Valldal ferjekai, og dei er tomme for arbeidstid og kan ikkje jobbe lenger i dag, får NRK fortalt.

Dermed er ferjekaia i Valldalen opptatt for natta.

– Rute 15 må køyre Eidsdal til Liabygda, som er litt lenger. Dermed blir det ikkje avgang kvar halvtime.

Driftsvakta i Fjord1 opplyser at Statens vegvesen er varsla, og sidan ferjesambandet er beredskapssamband, vil ting skje raskt.

– Vi håper at alt er ordna til i morgon tidleg, avsluttar Selje Stokken.

Ferjesamband

Ferja skal eigentleg krysse enkelt over Storfjorden mellom Linge og Eidsdal. Valldalen (til høgre i bildet) er alternativet, men fredag kveld må ferja i staden gå heilt til Liabygda (til venstre i bildet).

Foto: Google Maps/montasje